Bygdestova

 

Bygdestova er ei "storstove" for innbyggarane i Ulstein kommune. Den vert driven i samarbeid med Ulstein Sanitetsforening og er sentralt plassert på Ulshaugen 15, like bak Amfi-senteret.

Bygdestova har kafé, og er mykje nytta til selskapslokale. Lokale lag og foreiningar kan leige møterom der på kveldstid. Dersom du vil leige lokala, så kan du henvende deg i resepsjonen på Alvehaugen, kvardagar mellom kl. 10-14. Ring oss på telefon 70 01 78 00.

Frisør og fotpleie for eldre og uføre held også til i det same bygget.