Familierådgjeving

Familievernkontoret held til i Ålesund, men har kontortid ved Ulstein helsestasjon (Reiten 20), etter behov, onsdag mellom kl. 8:30 og 15:30. 


Kva er familierådgjeving?

Barne- Ungdoms- og Familieetatens (Bufetat) hovudoppgåve er å gi born, unge og familiar som treng hjelp og støtte, tiltak med riktig og god kvalitet. Familievernkontoret i Ålesund  gir tilbod om rådgjeving og samtalar når det er vanskar, konflikter eller kriser i familien. Kontoret utfører og lovpålagt mekling for foreldre med felles born under 16 år ved samlivsbrot og samarbeidsvanskar mellom foreldra.

Alle som treng å prate om vanskelege forhold kan søkje familierådgjeving ved familievernkontoret.


Eksempel på forhold der familierådgjeving kan vere til hjelp:

  • styrke parforholdet
  • avklare om parforholdet skal halde fram eller ikkje
  • avslutte parforholdet på beste måte
  • kome vidare etter eit brot i parforholdet
  • styrke foreldrekompetansen
  • betre samarbeidet om barn med tidlegare partner
  • avklare rollene i ny familie
  • avklare forholdet til øvrig familie
  • leve med sjukdom/nedsett funksjonsevne i familien
  • kome vidare etter ei alvorleg hending/utfordring
  • hjelp i kultur-/minoritetsspørsmål
  • hjelp i forhold til fysisk/psykisk vold
  • hjelp i forhold til rus
  • informasjon, råd og rettleiing


Kva kostar det?

Tenesta er gratis.


Kontaktinformasjon

Familievernkontoret i Ålesund
Langelandsvegen 17
6010 Ålesund

Telefon og timebestilling: 466 17 390