Leige kommunal bustad

Leige kommunal bustad

Om kommunal bustad

Kommunal gjennomgangsbustad er i utgangspunktet eit mellombels tilbod om å leige bustad som Ulstein kommune eig. Målsetting er at den einskilde leigetakar kjem seg over i den private bustadmarknaden i løpet av leigeperioden.

Husleigekontrakt for kommunale bustader går difor som hovudregel ut etter ei ordinær leigetid på tre år. Bustadene er eit av fleire tilbod vi har for å hjelpe deg som har problem med å skaffe deg bustad sjølv.

 

Kven kan få tilbod om kommunal gjennomgangsbustad?

Tilbodet er for deg som er utan bustad, og for deg som ikkje er i stand til å skaffe deg bustad sjølv eller med hjelp frå andre. Det må vere økonomiske, helsemessige eller sosiale forhold som gjer at du får tilbod om bustad gjennom kommunen.

Tildeling av kommunal gjennomgangsbustad vert gjort etter lov om kommunene sitt ansvar på det bustadsosiale feltet.

Lenke: Lov om kommunene sitt ansvar på det bustadsosiale feltet

Retningslinjer for tildeling av kommunal bustad
Kva kostar det å bu i ein kommunal bustad i Ulstein?

Husleiga varierer utifrå storleik og standard. Personar som bur i kommunal bustad kan på visse vilkår søke om bustøtte. 

Lenke: Informasjon om bustøtte

Korles søker eg om kommunal bustad?

Du må søke digitalt på eige søknadsskjema for kommunal gjennomgangsbustad.

Lenke: Søknadsskjema

Når kan eg vente svar?

Søknader vert handsama så snart som råd av eit tiltaksteam som har møte ein gong i månaden. Du får skriftleg melding om vedtak.

Korleis klagar eg på vedtaket?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen tre veker.

Skriftleg klage kan du sende til Ulstein kommune ved kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Om du ikkje får medhald på klaga, vert ho sendt vidare til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans.

Husleigelova

Husleigelova regulerer plikter og rettar i forholdet mellom leigar og utleigar av bustader.

Her kan du lese kva det er nyttig å vite om husleigelova.

Endra husleige

Vi justerer husleiga kvart år: 

  • Etter eitt år aukar husleiga i takt med prisveksten generelt i samfunnet. Dette er indeksregulering og inneber vanlegvis ei lita endring i husleiga.
  • Du får vite at husleiga vert endra i god tid før det skjer. Den nye husleiga får du skrifteg beskjed om ein månad før.
  • Kvart tredje år vert husleiga justert etter korleis leiga generelt har endra seg i marknaden. Dette er kalla gjengs leige-regulering og inneber som oftast ei litt større endring i husleiga. Om endringane gjer at det vert vanskeleg for deg å betale husleiga, kan du søke om statleg bustøtte eller kommunal bustøtte.

Lenke: Informasjon om statleg bustøtte
Lenke: Informasjon om søkeprosessen

Elektronisk betaling av husleiga

Det kan vere lurt å opprette avtalegiro og eFaktura. Då veit du at husleiga vert betalt i tide. Banken din kan hjelpe deg med dette.

Kva skjer om eg betalar for seint?
  • Du kan ikkje endre forfallsdato eller utsette betalinga av husleiga. Forfallsdatoen er fastsett i husleigeavtalen din.
  • Etter to ubetalte husleiger varslar Ulstein Eigedomsselskap Nav og leigetakar om krav om utkasting (fråviking).
  • Etter tre ubetalte husleiger vert saka sendt til namnsmannen for fråviking. Leigetakar vil etter dette ikkje få fleire varslar.
  • Ta kontakt med Ulstein Eigedomsselskap om du har spørsmål om betaling av det du skuldar.
  • Du kan også få økonomisk rettleiing og hjelp av Nav. Ta kontakt så tidleg som mogleg.
Husleige og bustøtte

Kommunal bustøtte vert trekt frå husleiga. Om du berre får statleg busøtte, får du fakturert heile husleigebeløpet.