Husordensreglar

Husordensreglar

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.
Generelt
  • Den enkelte leigetakar pliktar å halde alminneleg orden i leilegheita, og i tilhøyrande fellesareal, så vel ute som inne. Bruken av leilegheita og tilhøyrande fellesareal må ikkje føre til skade eller ulempe for andre leigetakarar.
  • Leigetakar pliktar å halde orden, og sørge for stell av uteareal som høyrer til leigetakar si brukseining.
  • Leigetakar er ansvarleg for å slå graset som høyrer til sitt husvære, og halde uteområdet tiltalande, dette gjeld også ved snømoking.
  • Sørg for at du veit kva for ein bosdunk som er tilhøyrande ditt husvære,  og kva avfall som skal i dei ulike dunkane. Viktig å sette dei på plass når dei er tømde.
  • Alle husvære har ei stoppekran (hovudkran) for å stenge av vatnet i husværet, dersom det f.eks. vert vasslekkasje.  Alle leigetakarane skal vite kvar denne krana er, og korleis den skal brukast.
  • Grilling på veranda er berre lov med elektrisk grill og må skje slik at det ikkje er til sjenanse for andre.
  • Det er forbode å røyke inne i bustaden.
  • Det er ikkje lov med husdyr, med mindre dette er særskilt avtalt med Ulstein Eigedomsselskap KF.

 

Ro og orden
  • Det skal vere ro i bustaden og på eigedomen mellom klokka 23.00 til klokka 07.00 alle dagar.
  • Ved selskap etter klokka 23.00, skal du i god tid varsle andre bebuarar på eigedomen og i området elles, som kan verte sjenert av til dømes støy.
  • Det skal haldast orden i og rundt eigedomen til ei kvar tid.                                                                       
  • Bruk av musikkinstrument og musikkanlegg må skje slik at det ikkje sjenerer andre. 
  • Søndagar og helgedagar skal ikkje nyttast til sjenerande og støyande aktivitetar, som til dømes plenklipping, bilvask, klesvask og klestørking utomhus. 
  • Det er ikkje lov med husdyr i bustaden utan skriftleg løyve frå Ulstein Eigedomsselskap (UEKF).

 

Endringar i bustaden
  • Det er ikkje lov å gjere endringar i bustaden.
  • Du må ha samtykke frå Ulstein Eigedomsselskap (UEKF) om du treng å installere til dømes lamper, persienner eller tilsvarande.
Parkering
  • Parkering kan berre skje på tilviste plassar
  • Det er ikkje lov med reparasjon av bilar, der olje og andre kjemikaliar renn ut på asfalten/grunnen.
  • Parkeringsplassen skal til ei kvar tid vere rein og ryddig.
Brot på reglane
  • Du finn meir informasjon i leigekontrakten om kva dei ulike pliktene til utleigar og leigetakar inneheld.
  • Brot på ordensreglar vil som hovudregel føre til skrifteleg varsel.
  • Dersom tilhøva ikkje vert betra kan dette vere grunnlag for oppseiing av leigetilhøvet.