Bustadtomter i Haddal

Tomtefelt i Haddal - Klikk for stort bilete Per Eide

Haddal byr på flott natur, eit triveleg nærmiljø og kort veg til arbeidsmarknaden på heile Søre Sunnmøre. 

I Haddal har du sjøen og fjella tett innpå deg. Her er både barneskule og barnehage. Frå Haddal er det knappe 10 minutt å køyre til Ulsteinvik. Til Volda, Ørsta, Fosnavåg eller Larsnes brukar du berre 20–25 minutt. 

Pris

Feltet Myrane er opparbeidd av kommunen og har ein tomtepris på 584 kr per m². Vi har også ei ledig tomt i det utbygde feltet Solsida i Haddal. Tomteprisen for denne er 200 kroner per m².

Merk: Dei to første tomtene som vert selde i Haddal får eit prisavslag på 100 000 kroner kvar. 

Kart

Kart over dei kommunale bustadtomtene i Haddal finn du her (Sunnmørskart.no).

Tomter som er merka med "L" på kartet er ledige. Tomter som er merka med "R" er handgjevne (reserverte). "S" betyr at tomta er seld. 

Dersom du er interessert i ei tomt som står som reservert, får den som har fått tomtta handgjeven to vekers frist til å bestemme seg.

Søk om tomt

Du finn nødvendige søknadskjema og informasjon om retningslinjer her. 

Kontakt

Anita Øyehol
konsulent
E-post
Telefon 70 01 75 00
Arnfinn Rørvik
ingeniør byggesak/bustadkonsulent
E-post
Telefon 70 01 76 08