Endring av arealplanar

Ein reguleringsplan er gyldig og juridisk bindande til den vert erstattet av ein ny plan, eller vert oppheva.

Dersom du ønsker å endre ein vedteken reguleringsplan, må du søke om dette til kommunen. Den som skal utarbeide forslag til ein reguleringsplan (forslagsstillar) må være fagkyndig.

  • Større endringar skal behandlast som private planforslag med endeleg godkjenning i kommunestyret.
  • Mindre endringar som er i samsvar med hovedtrekka i reguleringsplanen, vert godkjend i teknisk utval. Er det mindre endringar som ikkje er prinsippielle kan desse godkjennast administrativ.

Grensegangen mellom desse er eit skjønnsspørsmål som vurderast og fastsettast av kommunen i kvart enkelt tilfelle.

Plan- og bygningslova legg føringar for kva prosessar som skal utførast, med kunngjering og høyringar før endeleg vedtak.

 

1. januar 2018 trådde det i kraft ei ny forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningslova. Her kom det inn krav om kva som skal gjerast greie for når du ber om oppstartsmøte for ein ny plan:

• formålet med planen
• planområde
• planlagt bebyggelse og andre tiltak
• utbyggingsvolum og høgder
• funksjonell og miljømessig kvalitet
• tiltakets verknad på/tilpassing til landskap og omgjevnadar
• forholdet til gjeldande planar og pågåande planarbeid
• vesentlege interesser som vert røyrde
• samfunnssikkerheit
• kven som skal varslast om tiltaket
• prosessar for medverknad og samarbeid med både offentlege og private
• vurdering av plikt om konsekvensutgreiing

Heile forskrifta finn du her på lovdata


Gebyr for behandling av private reguleringsframlegg/endringar av plan

 

 

Endring av kommuneplanen sin arealdel

Kommuneplanen sin arealdel reviderast ca kvart 4. år i forbindelse med rullering av kommuneplanen.

Kontakt

Cecilie Roppen
planleggar
E-post