Tips og triks for bruk av kommunens kartklientar

Ulstein kommune samarbeide med kommunane på Søre Sunnmøre om felles kartklient. Saman har vi Sunnmørskart.no  som innheld standard kartdata for alle kommunane. Dette er ei løysing som fungerer best på PC, men den fungere også i nettlesar på mobil/nettbrett.

For optimal kartoppleving på mobil/nettbrett, lastar du ned appen Kommunekart. Den er landsdekkande og du kan slå på ulike temakart alt etter kva kommune du ser på.

Bruk av kartklient i nettlesar:

Under "hamburgermenyen" får du tilgang til å måle avstandar og areal, du kan teikne enkle illustrasjonar, skrive ut (via pdf-fil), du får opp teiknforklaring m.m.

Klikk for stort bilete Under "kommunemenyen" får du opp ulike kartlag som du kan slå av/på. Utvalet vil variere etter kva kartklient du står i.

Klikk for stort bilete Meir informasjon om elementa i kartet får du ved å klikke på det du vil vite meir om og sjå utvalet i menyfeltet som kjem opp til høgre:

Klikk for stort bilete