Felles behandling av plan- og byggesak

Søknad om rammeløyve kan følgje reguleringsforslaget og behandlast saman med planforslaget.

Søknad om rammeløyve, jf. plan- og bygningslova (PBL) § 21-4, og ein detaljregulering for tiltaket kan etter PBL § 1-7 behandlast saman i ein felles prosess. Ein føresetnad her er at forslaget til detaljplan er i samsvar med overordna plan. Dersom denne saksbehandlingsmåten vert fylgt, vil mellom anna søknaden om rammeløyve kunngjerast saman med oppstart av planarbeidet, og leggast ut til offentleg ettersyn i lag med det utarbeidde planforslaget.