Om feiing

 Klikk for stort bileteTakstige og feieplattform

Feiing- og tilsyn er eit viktig brannførebyggjande tiltak. Huseigar har ansvar for at eldstaden er godkjent. 

Feiing skal etter vedteken ordning gjennomførast kvart 2. år, medan tilsyn skal gjennomførast kvart 4. år.

For å få feiing må det vere montert godkjend takstige til pipe, eller innvendig feieluke.

 

Gebyret dekker utgifter til:

  • Feiing kvart 2. år
  • Tilsyn/kontroll med fyringsanlegget kvart fjerde år
  • Informasjon
  • Tilsyn/kontroll med røykvarslarar, sløkkeutstyr og rømingsvegar kvart fjerde år

Før feiing, tilsyn og kontroll blir bustadeigaren varsla.

Ei sotete pipe gjev dårlig trekk, dårlig forbrenning og dermed uøkonomisk fyring. Det er større fare for pipebrann og delen av giftig kullos (CO) i røyken aukar. Ein omn full av sot varmar dårlig. Derfor kjem feiaren.

Tilsyn i bustad er ein kontroll av at bustaden stettar forskrifta sine krav til fyringsanlegg, varslings- og slokkeutstyr. I løpet av 4 år vert det 2 feiingar og 1 tilsyn av bustadeigedomar i kommunen.

Tilsynet består av:

  • Tilsyn/inspeksjon av fyringsanlegget (ildstad, skorstein, sotluke eventuelt feieluke, røykrør, brannmur og anna tilhøyrande fyringsanlegget)
  • Kontroll av tilkomst-tilhøve for feiaren.
  • Det kan og vere mogleg innan ein begrensa tidsbruk å foreta tilsyn av slokkemiddel, røykvarslarar, rømningsvegar og liknande.

Etter brann eller eksplosjon i pipe/fyringsanlegg må huseigar ta kontakt med feiar for å få utført tilsynsvurdering av anlegget før det kan takast i bruk.

Alle bustader der det er kobla omn til pipe er pålagt kommunal feiing. Det er eigar/brukar sitt ansvar at fyringsanlegget er intakt og virkar som det skal. Eigar/brukar pliktar å sikre at tilfredsstillande tilkomst opp til og på tak, inn til sotluke og ev. feieluke på loft er utført etter gjeldande lover og forskrifter.

Kontakt

Marte Rewentlov Hansen
feiar
E-post
Mobil 488 96 612