Meld frå om overnatting

Viss nokon skal overnatte i eit bygg som vanlegvis ikkje blir brukt til overnatting, må brannvesenet få beskjed på førehand. 

Brannvesenet må ha beskjed for å planlegge innsatsen ved ein eventuell brann. 

Meldinga må ha kome fram til brannvesenet minst 7 dagar før bygget skal nyttast til overnatting. 

Bruk dette skjemaet til å melde ifrå elektronisk. 

Du kan også bruke dette PDF-skjemaet. (PDF, 187 kB) PDF-skjemaet sender du inn på e-post  til postmottak@ulstein.kommune.no eller i posten til Hareid og Ulstein brannvesen, Ulstein kommune, Postboks 143, 6067 Ulsteinvik. 


 

Kontakt

Olav Helt Brubakk
brannsjef
E-post
Mobil 990 17 068