BålbrenningI perioden 15. april - 15. september er det forbod mot all opne brenning i eller i nærleiken av skog og annan utmark utan løyve frå brannsjefen. Ulstein kommune har vedteke lokal forskrift om open brenning av avfall i småomnar. I denne står det mellom anna at følgjande open brenning skal likevel vere tillate: Open brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffibål. Brenning av reint trevirke, avispapir og liknande i vedomn. Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall (greiner, gras og lauv) utafor definerte forbodssoner så lenge det ikkje er til plage eller uroar naboar og andre person. Bålbrenning jonsokaftan etter klokka 12:00 på stader med liten fare for brannspreiing, og det ikkje er til plage eller uroar naboane. Det som vert brent skal vere reint trevirke og/eller organisk materiale. Grunneigar må ha gjeve løyve, og brannsjefen må ha fått melding. Her kan du sjå kart som syner dei definerte forbodssoner. Lokal temarettleiar om forbodssoner ved bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall (PDF, 195 kB) Innmelding av jonsokbål § 6 punkt d. i «Lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar» er det gjeve amnesti med omsyn til bålforbodet i Ulstein kommune på jonsokaftan. Ulstein kommune v/teknisk etat har i mange år praktisert innmelding av større og mindre jonsokbål. Båla skal meldast inn skriftleg til postmottak@ulstein.kommune.no. Merk gjerne eposten med «Jonsokbål». I e-posten skal det minst vere informasjon om: Kvar det skal brennast, gjerne med gards- og bruksnummer og kart (sjå www.sunnmorskart.no) Informasjon om det er gitt løyve frå grunneigar Namn, e-postadresse og mobilnummer til bålansvarleg Frist for innmelding av jonsokbål er den 20. juni. Det er ikkje nødvendig å melde inn små bål som skal brukast til grilling og koking av kaffi. Einaste er at grunneigar må ha gitt løyve til å brenne bål på privat grunn. Publisert22.01.2019 10.59 Sist endra22.01.2019 11.54