Forbod mot oljefyring Hugs at frå 1. januar 2020 er det ikkje lov å bruke fyringsolje og parafin til oppvarming i privatbustadar, offentlege bygg og næringsbygg. Kva betyr dette for deg som har nedgraven oljetank? Det er frå 1. januar 2020 ikkje lov å bruke fyringsolje og parafin til oppvarming, og oljetanken må derfor snarast mogleg takast ut av bruk. Når han er tatt ut av bruk må han tømast og dersom mogleg gravast opp og leverast inn til godkjent avfallsmottak. På den måten unngår ein framtidig lekkasje og forureining i grunnen. Ved å grave opp tanken kan du også finne og få fjerna eventuell forureining. Viss det er heilt uråd å fjerne tanken, kan han ligge. Men då må han etter tøming også reingjerast grundig og aller helst fyllast med sand eller grus. Ta kontakt med kvalifisert føretak som utfører arbeidet for deg. Ulstein kommune har per i dag ikkje ei lokal forskrift som omhandlar nedgravde oljetankar, og kan difor ikkje krevje at tankar under 3200 liter må gravast opp. Men den generelle plikta i forureiningslova § 7 til å unngå forureining er likevel gjeldande, og det er grunneigar som har ansvaret. Eventuelle forureiningar som skuldast lekkasje frå tanken kan verte særs kostbart, føre til luktproblem i bustadar og gje skade på miljøet og forureine eventuelle drikkevasskjelder. Difor er vårt klare råd at du fjernar tanken – dersom mogleg. Økonomisk støtte frå ENOVA ENOVA kan gje støtte til privatpersonar for fjerning av oljetanken dersom ein samtidig erstattar han med ei væske-til-vatn-varmepumpe, luft-til-vatn-varmepumpe, biokjel eller bioomn med vasskappe. Konvertering til fjernvarme vert også godkjent. Støtteordninga vert avvikla i 2020. Les meir om støtta frå ENOVA og korleis du sender elektronisk søknad Forbodet "Forbodet sender eit klart signal om at vi no skal over på fornybare oppvarmingsløysningar – fossil olje til oppvarming høyrer fortida til", seier klima- og energiminister Ola Elvestuen (V). Forbodet vil også omfatte driftsbygningar i landbruket frå 2025 og mellombelse bygningar frå 2020. Forbodet vart formelt vedteke av Klima- og miljødepartementet og Olje- og energidepartementet 29.06.2018. Du kan lese meir om forskrifta hos Klima- og miljødepartementet. Spørsmål? Miljødirektoratet har laga ei nettside med svar på vanlege spørsmål om nedgravde oljetankar. Du kan også ta kontakt med Arild Støylen, sjå kontaktinformasjon nedst på sida. Publisert 20.08.2019 15:30 Sist endra 01.04.2023 04:38