Norsk og samfunnsfag for vaksne innvandrarar

Ulstein kompetansesenter gir opplæring i norsk og samfunnskunnskap til vaksne innvandrarar.

I løpet av eit skuleår har vi om lag 220 deltakarar frå ca. 40 ulike land. Vi gir opplæringa på ulike nivå. Opplæringa går føre seg på både dag- og kveldstid.

   

Kven er opplæringa for?

 

Desse har rett og plikt til 600 timar med gratis norskopplæring:

  • flyktningar busette i kommunen
  • familiegjenforeinte med norske og nordiske borgarar
  • asylsøkjarar som har fått opphaldsløyve i Noreg og ventar på busetting

50 av dei 600 timane skal vere undervisning i samfunnskunnskap på eit språk deltakaren forstår godt. Dei som treng meir undervisning, kan få inntil 2700 timar i tillegg til dei obligatoriske timane. Dei første 600 timane må takast ut innan tre år, dei resterande innan fem år.

Asylsøkjarar har rett til 175 timar gratis norskopplæring.

 

Desse har ikkje rett til gratis norskopplæring:

  • nordiske borgarar (dvs. borgarar av Sverige, Danmark, Finland og Island)
  • studentar og arbeidsinnvandrarar, og deira familiemedlemmar
  • innvandrarar som har brukt opp timane sine eller har utgått 3-årsfrist 

 

Eksamen

Ulstein kompetansesenter arrangerer eksamen i både norsk og i samfunnskunnskap. Det er obligatorisk å ta eksamen innan tre år for alle med rett og plikt som har fått opphaldsløyve etter 1.9.2013. 

Privatistar (for eksempel arbeidsinnvandrarar) kan også ta eksamen, men dei må betale for han, og melde seg opp sjølve

Norskprøvene A1-B2 blir normalt gjennomført første veka i juni og første veka i desember kvart år.

 

 

  

  

Kontakt

Lars Erling Bjåstad Hovlid
einingsleiar
E-post
Telefon 70 01 77 81
Mobil 916 35 277
Mali Åm
inspektør og avdelingsleiar kompetansesenteret
E-post
Telefon 70 01 77 82
Mobil 476 35 253