Tieto Education - dialog mellom heim og skule

Tieto Education er kommunens administrasjonsløysing for grunnskulen. Som føresett brukar du løysinga til å sende beskjedar og meldingar om blant anna fråvær, i tillegg til å motta informasjon frå skulen og SFO.


Dette brukar du Tieto til

Føresette kan bruke Tieto Education, kommunens administrasjonsløysing, til å melde om fråvær, ha dialog med skule og SFO via beskjedar og meldingar. Her kan du også motta generell informasjon frå skulen.

Elevane har si eiga side der dei finn oversikt over fråvær, karakterar og timeplan. Der vil også kome merknadar og vurderingar gitt av læraren. 

Lærarane brukar løysinga til å registrere og følgje opp eleven sitt fråvær, karakterar, merknadar og vurderingar. Lærarane kan også sende meldingar til ein eller fleire føresette.

SFO brukar løysinga for administrasjon av SFO-plassar, samt inn- og utkryssing av barna.

Tieto Education inneheld basisinformasjon om alle elevar på skulen, med fag- og klassetilknytningar og kontaktinformasjon til føresette. Skulens administrasjonssystem dekkjer også timeplanlegging, oppmelding av elevar til nasjonale prøver og eksamen, og innrapportering til sentrale mynde.

 

Melde fråvær

I kommentarfeltet skal du eksempelvis skrive "sjuk", "tannlege", "legetime". Du skal ikkje skrive detaljar om sjukdom eller annan personsensitiv informasjon i dette feltet.


Kontaktinformasjon

Her skal du oppdatere e-postadresse og telefonnummeret ditt dersom det vert endra. Det er svært viktig at skulen til ei kvar tid har korrekt kontaktinformasjon til føresette eller andre omsorgspersonar.


Meldingstenesten

Du kan sende melding til lærar, SFO eller administrasjonen på din skule. Det skal ikkje skrivast inn sensitiv informasjon i meldingane. I dei tilfelle, tek du kontakt med skulen personleg eller på telefon. Sjekk også om skulen din har eige rutinar for korleis dei ønskjer at du gjer dette.


Tidsskjema

Her skal du legge inn dei tidene som barnet ditt skal vere på SFO.

 

Korleis kjem føresette i gang?

Føresette må laste ned appen Tieto Edu. Appen kan lastast ned til IOS eller Android via App Store.

Føresette kan også bruke nettsida via denne lenka.

Pålogging skjer via ID Porten.

 

Treng du litt hjelp til å kome i gang?

Her er nokre instruksjonsvideoar og rettleiingar til bruk av Tieto Edu App eller nettside:


Videoar på norsk
 

Slik kan du sende og motta meldingar

Video frå Bærum kommune:

 

Korleis registrere fråvær i Tieto Education?

Video frå Bærum kommune:

 

Slik oppdaterer du kontaktinformasjon i Tieto Education

Video frå Bærum kommune: 

.

Korleis registrere tidsskjema for SFO i Tieto Education?

Video frå Bærum kommune: 

 

 

Videos in English

 

How to register absence in Tieto Education

Video from Bærum kommune: 

 

Edit contact information in Tieto Education

Video from Bærum kommune:

 

How to register time schedule for SFO

Video from Bærum kommune: 

 

Kontakt

Vegard Sæter Gurskevik
skulesjef
E-post
Mobil 993 52 728
Nils Ertesvåg
pedagogisk konsulent
E-post
Telefon 70 01 77 10
Mobil 906 79 511