Skulefritidsordninga (SFO)

Vil du ha SFO-plass for barnet ditt? På denne sida finn du blant anna søknadsskjema og informasjon om SFO.

 

Kva er SFO?

  • SFO er eit fritidstilbod utanom den ordinære skuledagen.

  • Alle barneskulane i Ulstein har SFO, så sant der er minst 6 påmelde ved kvar skule ved skulestart. 

  • På SFO legg vi vekt på leik i eit trygt og skapande miljø.

  • SFO er for barn frå 1. til 4. klasse. For elevar med særlege behov omfattar SFO også 5. til 7. klasse. Ved stor søking vert dei yngste elevane prioriterte, og det vert loddtrekning blant dei eldste elevane.

  • Det er SFO frå august til og med juni. Den daglege opningstida varierer mellom skulane innanfor tidsramma 7–17.

  • Du kan lese meir om SFO i vedtektene (PDF, 235 kB).

 

Kva kostar det?

  • Prisen kjem an på om barnet ditt skal gå 5, 4, 3 eller 2 dagar på SFO per veke.

  • I tillegg til månadsprisen, kjem matpengar.

  • Det er 25 % søskenmoderasjon. Det betyr at om du allereie har eit barn i SFO, vil det neste barnet som får SFO-plass samtidig få 25 % avslag på prisen.

Betalingssatsar for SFO frå 1. august 2019
Betalingssatsar for SFO frå 1. august 2019
Dagar per veke Pris per månad Matpengar per månad
2 1200 kr 40 kr
3 1700 kr 60 kr
4 2300 kr 80 kr
5 2800 kr 100 kr

 

Kva med SFO i skuleferiane?

  • SFO held ope i haust- og vinterferiane og tre veker i sommarferien.

  • Ferietilbodet vert gitt ved Ulsteinvik barneskule og ved krinsskulane når det er 10 eller fleire påmelde.

  • Påmelde i SFO kan nytte ferietilbodet etter kor stor plass dei har elles i året (5, 4, 3 eller 2 dagar per veke).

  • Elevar som går ut av 1.–4. klasse, kan nytte ferietilbodet ut juni månad.

  • Ferietilbodet i august kan nyttast av påmelde i SFO som det komande skuleåret skal gå i 1.–4. klasse.

  • Barn med særlege behov kan nytte heile ferietilbodet.

  • Det er ikkje SFO i samband med skulefri ved jul, påske og andre høgtider eller ved studie- og planleggingsdagar.

 

Kven kan søkje?

  • Du kan søkje plass for barn frå 1. til 4. klasse. Plassen gjeld for eitt år om gangen. 

  • Du må levere søknad for neste skuleår sjølv om barnet ditt allereie går i SFO.

 

Korleis søkjer du?

Her finn du søknadsskjemaet for SFO-plass i Ulstein for barnehageåret 2019/2020. Søknadsskjemaet krev at du loggar inn med ID-porten (MinID, bankID, buypassID m.a.)

Dersom du ikkje har ID-porten, eller er folkeregistrert i ein anna kommune, kan du bruke dette skjemaet i staden

Søknadsfristen var 15. april 2019, men du kan søke om plass for barnet ditt heile året.

Når det gjeld ferie-SFO, lagar vi eigne påmeldingsskjema før dei enkelte feriane.

 

Korleis svarar du på tilbod om plass?

Bruk dette skjemaet for å takke ja eller nei til tilbod om SFO-plass

 

Korleis seier du opp plassen?

Frå vedtektene: Plass i SFO kan berre seiast opp pr 31. desember, og med to månaders varsel (dvs innan 1. november). Oppseiing til andre tidspunkt kan imøtekomast dersom det er venteliste ved ordninga, eller når det kan dokumenterast andre tungtvegande grunnar.

Bruk dette skjemaet for å seie opp ein SFO-plass.

 

Endring av plass

Påmelde til SFO kan endre plass etter avtale med skulen, både opp og ned i storleik. Avtale om endring kan gjelde frå neste heile månad, dvs frå den første i månaden etter at endringa er stadfesta frå skulen.

Kontakt

Nils Ertesvåg
pedagogisk konsulent
E-post
Telefon 70 01 77 10
Mobil 906 79 511