Informasjon om SFO og pris

SFO er eit fritidstilbod utanom den ordinære skuledagen. Alle barneskulane i Ulstein har SFO, så sant der er minst 6 påmelde ved kvar skule ved skulestart. 

I ferien vil ein tilby SFO ved Ulsteinvik barneskule. Det gjeld også barn frå andre krinsar, derom det er nok søkarar til ordninga.

Kven kan få tenesta?  

  • SFO er for barn frå 1. til 4. klasse

  • For elevar med særlege behov omfattar SFO også 5. til 7. klasse

  • Ved stor søking vert dei yngste elevane prioriterte, og det vert loddtrekning blant dei eldste elevane

 

Kor tid er det SFO?

  • Det er SFO frå august til og med juni
  • Den daglege opningstida varierer mellom skulane innanfor tidsramma 7–17


Kva kan du forvente?

Tilsette ved skulefritidsordninga skal gi borna omsorg og tilsyn. Dei skal legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna.

Funksjonshemma barn skal gjevast gode utviklingsvilkår.


Kva kostar det?

  • Prisen kjem an på om barnet ditt skal gå 5, 4, 3 eller 2 dagar på SFO per veke.

  • I tillegg til månadsprisen, kjem matpengar.

  • Det er 25 % søskenmoderasjon. Det betyr at om du allereie har eit barn i SFO, vil det neste barnet som får SFO-plass samtidig få 25 % avslag på prisen.

Betalingssatsar for SFO frå 1. august 2020
Dagar per veke Pris per månad Matpengar per månad
2 1200 kr 40 kr
3 1700 kr 60 kr
4 2300 kr 80 kr
5 2800 kr 100 kr

 

 

Korleis få plass?

Her finn du søknadsskjemaet for SFO-plass. Søknadsskjemaet krev at du loggar inn med ID-porten (MinID, bankID, buypassID m.a.)

Dersom du ikkje har ID-porten, eller er folkeregistrert i ein anna kommune, kan du bruke dette skjemaet i staden

Søknadsfristen for skuleåret 2020/2021 er 15. april 2020, men du kan også søke om plass for barnet ditt heile året.

Når det gjeld ferie-SFO, lagar vi eigne påmeldingsskjema før dei enkelte feriane.

 

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din snarast etter at fristen for påmelding er ute. Søknad gjennom året vert handsama fortløpande.
 

Korleis svarar du på tilbod om plass?

Bruk dette skjemaet for å takke ja eller nei til tilbod om SFO-plass

Kontakt

Nils Ertesvåg
pedagogisk konsulent
E-post
Telefon 70 01 77 10
Mobil 906 79 511