Pedagogisk-psykologisk teneste - Interkommunal PPT for Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta

PPT skal hjelpe barn, elevar, lærekandidatar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Hensikta er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. PP-tenesta skal også hjelpe barnehagar og skular med kompetanseheving og organisasjonsutvikling.

PP-tenesta sitt mandat er regulert i Opplæringslova § 5-6 og Barnehagelova § 33.

PP-tenesta har både system- og individretta arbeidsoppgåver, og det er viktig at oppgåvene sjåast i samanheng.

Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta har felles PP-teneste. Ulstein er vertskommune for den interkommunale PP-tenesta.



Tiltaksmøte

Ved bekymring kring ei klasse, gruppe, eller barn/elev si utvikling og læring, kan ein be om tiltaksmøte før det eventuelt blir en formell sak hjå PPT. Føremålet med tiltaksmøte er tidleg innsats for å avklare no-situasjonen og vegen vidare med tanke på tiltak i det ordinære, eller eventuell bistand frå PPT i form av kompetanseheving, organisasjonsutvikling eller sakkunnig vurdering. Ved behov for tiltaksmøte kan styrar/rektor ta kontakt med teamkoordinator ved PPT.


Kompetanseheving og organisasjonsutvikling

PP-tenesta skal samarbeide med barnehagane og skulane om tidleg innsats og førebygging. Tenesta skal gi generell støtte til god fagleg og sosial utvikling for barn og elevar. PPT er ei kompetansebedrift med høgt kvalifiserte tilsette, og tenesta er til ei kvar tid oppdatert innanfor forskingsbasert teori. Interkommunalt PPT kan tilby både ferdige kurs, eller tilpasse kurs etter behov.

Det systemretta arbeidet kan mellom anna foregå i utviklingsprosjekt, tverrfagleg samarbeid og møter med faglege eller sosiale tema.

Døme på nokre av kurspakkane som Interkommunal PPT kan tilby: 

  • førebygging, avdekking og handtering av mobbing
  • utvikling av trygge og inkluderande læringsmiljø
  • tilpassa, likeverdig og inkluderande opplæring for elevar med ulike diagnosar t.d. ADHD, autisme eller spesifikke språkvanskar
  • dynamisk kartlegging i matematikk
  • førebygging av språkvanskar, lese og skrivevanskar
  • leik og samspel
  • språk og kommunikasjonsutvikling


Sakkunnig vurdering

Barn/elevar som ikkje har, eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære barnehage-/opplæringstilbodet, har rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning. Før eininga kan fatte enkeltvedtak, skal det føreligge ei sakkunnig vurdering utarbeida av PPT.

 

Førskule

PPT utarbeidar sakkunnig vurdering der lova krev det. For førskuleborn gjeld fylgjande:

Barnehagelova:

  • § 31 – Rett til spesialpedagogisk hjelp
  • § 38 – Rett til teiknspråkopplæring
  • § 39 – Barn med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Opplæringslova:

  • § 2-1  tredje ledd – Utsett eller tidleg skulestart


For meir informasjon om spesialpedagogisk hjelp og saksgang - sjå Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Grunnskule

PPT utarbeider sakkunnig vurdering der lova krev det. For grunnskulebarn gjeld fylgjande:

Opplæringslova:

  • § 2-1 Fjerde ledd  - Fritak frå opplæringsplikta
  • § 2-6 Teiknspråkopplæring
  • § 2-14 Punktskriftopplæring, mobilitet og bruk av tekniske hjelpemiddel
  • § 2-16 Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
  • § 5-1 Spesialundervisning


For meir informasjon om spesialundervisning og saksgang - Sjå Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Vidaregåande opplæring

PPT utarbeider sakkunnig vurdering der lova krev det. For elevar i vidaregåande opplæring gjeld fylgjande:

Opplæringslova:

  • § 2-16 - Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
  • § 3-1 femte ledd - Utvida opplæringstid med inntil to år
  • § 3-9 - Teiknspråkopplæring
  • § 3-10 - Punktskrift
  • § 3-13 - Opplæring av elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med behov for (ASK)
  • § 5-1 - Spesialundervisning

 

Forskrift til Opplæringslova:

  • § 3-32 - Særskilt tilrettelagt eksamen
  • § 3-42 - Unntak ved bestått-kravet av yrkesfagleg utdanningsprogram 
  • § 3-61 - Særskilt tilrettelegging ved sveineprøve/fagprøve og     kompetansebevis
  • § 6-15 - Fortrinnsrett til særskilt utdanningsprogram
  • §§ 6-17 og 6-31 - Sterkt nedsett funksjonsevne


For meir informasjon om PPT i vidaregåande opplæring - Sjå Møre og Romsdal Fylkeskommune sine nettsider.

 

Vaksenopplæring

PPT utarbeider sakkunnig vurdering der lova krev det. For vaksenopplæringa gjeld fylgjande:

Opplæringslova:

  • § 4A-1 - Grunnskuleopplæring for vaksne
  • Spesialundervisning på grunnskulen sine områder
  • § 4A-3 - Vidaregåande opplæring for vaksne over 25 år


For meir informasjon om saksgang og spesialundervisning for vaksne - Sjå Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Korleis søkje om bistand?

Det er barnehagar, skular og vaksenopplæringa som skal fylle ut søknad om bistand frå PPT.

Føresette/verje/andre instansar som ynskjer bistand frå PPT må ta kontakt via eininga som barnet/eleven høyrer til. Før det blir søkt om bistand for førskule, grunnskule og vaksenopplæring skal det ha vore gjennomført tiltaksmøte med PPT (sjå informasjon om tiltaksmøte).

Ved søknad om bistand for førskule, grunnskule og vaksenopplæring, skal einingane søkje her:

 

For elevar i vidaregåande opplæring - Sjå meir informasjon om korleis søkje her.

 

Kontaktinformasjon
  • e-post: ppt@ulstein.kommune.no
  • besøksadresse: Blåhuset, Vikemyra 1, 3. etasje, 6065 Ulsteinvik
  • postadresse: Interkommunalt PPT, postboks 200, 6067 Ulsteinvik
  • telefon: 70 01 75 00 (telefontid kl. 9–15)

 

Tilsette PPT-teama:

    

Leiar og merkantil


Ingrid Evebø Haug, PPT-leiar
tlf. 948 84 062
ingrid.evebo@ulstein.kommune.no


Mariann Lillerovde, administrativ konsulent
tlf. 469 23 051
mariann.lillerovde@ulstein.kommune.no


Inger Anne Fugelsnes, sekretær
tlf. 480 17 422
inger.anne.fugelsnes@ulstein.kommune.no

 

Førskuleteam


Tina Louise Liadal, teamkoordinator førskule
tlf. 480 17 427
tina.louise.liadal@ulstein.kommune.no
 

Marit Hovdenak, ped.-psyk. rådgivar
tlf. 948 84 670
marit.hovdenak@ulstein.kommune.no


Randi Janne Kvammen, ped.-psyk. rådgivar
tlf. 480 17 426
randi.kvammen@ulstein.kommune.no


Hege Abeltun, ped.-psyk. rådgivar
tlf. 48017431
hege.abeltun@ulstein.kommune.no


Birte Haddal Engeset, ped.-psyk. rådgivar
tlf. 975 61 481
birte.haddal.engeset@ulstein.kommune.no

 

Barneskuleteam


Maria Khashayarpour, teamkoordinator barneskule
tlf. 480 17 430
maria.khashayarpour@ulstein.kommune.no


Kristin Sæther, ped.-psyk. rådgivar
tlf. 469 51 825
kristin.sather@ulstein.kommune.no


Annette Kjøde Egset, ped.-psyk. rådgivar
tlf. 480 17 419
annette.kjode.egset@ulstein.kommune.no


Nina Lødøen Øen, ped.-psyk. rådgivar
tlf. 480 17 424
nina.oen@ulstein.kommune.no
 

Marita Aklestad, ped.-psyk. rådgivar
tlf. 480 17 425
marita.aklestad@ulstein.kommune.no


Randi Lyngbø Ottesen, ped.-psyk. rådgivar
tlf. 480 17 429
randi.lyngbo.ottesen@ulstein.kommune.no
 


Ungdom- og vaksenteam

 

Viviann Skeide, teamkoordinator ungdom/vaksen
tlf. 480 17 428
viviann.skeide@ulstein.kommune.no


Anne Ragnhild Roland, ped.-psyk. rådgivar
tlf. 480 17 423
anne.ragnhild.roland@ulstein.kommune.no


Mildrid Flø, ped.-psyk. rådgivar
tlf. 948 87 280
mildrid.flo@ulstein.kommune.no


Eilin Kalvøy, ped.-psyk. rådgivar
tlf. 912 43 229
eilin.kalvøy@ulstein.kommune.no


Heidi Mundal, ped.-psyk. rådgivar
tlf. 480 17 421
heidi.mundal@ulstein.kommune.no

 


Vidaregåandeteam

 

Veronica Sundgot Hide, teamkoordinator VGO
tlf. 469 57 614
veronica.sundgot.hide@ulstein.kommune.no


Ingrid Redse Mjaaseth, ped.-psyk. rådgivar
tlf. 480 17 432
ingrid.redse.mjaaseth@ulstein.kommune.no


Susanne Bjørge Rem, ped.-psyk. rådgivar
tlf. 918 76 237
susanne.bjorge.rem@ulstein.kommune.no 

eDialog – Trygg innsending av informasjon

eDialog – Trygg innsending av informasjon til Interkommunalt PPT for Ulstein, Hareid, Volda og Ørsta

Med eDialog kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk  – også om dei inneheld sensitiv informasjon.


Kvifor bruke eDialog? 

Med tenesta eDialog kan du vende deg til oss i ein sikker kanal. Det er betre å bruke eDialog
enn e-post, fordi e-post kan bli hacka eller stoppa i eit spamfilter, eller saksbehandlaren du
sender e-post til, kan vere bortreist. Vi tilrår difor at du brukar eDialog når du skal sende oss
noko, også når innhaldet ikkje er sensitivt.  Ver OBS på at dokumenta må vere i pdf-format.

 

Slik fyller du ut skjemaet i eDialog

  • Obligatoriske felt er merka med *.
  • Vel om du er privatperson/innbyggjar eller om du representerer ei verksemd.
  • I tittelfeltet skriv du kva saka gjeld, skriv også saksnummeret om du har det, for eksempel 2020-19.
  • Gi ei god skildring av det du sender inn.
  • Last opp eventuelle dokument. Dokumenta MÅ vere i pdf-format.
  • Klikk på «Send forsendelse». Då vert brevet ditt kryptert og sendt direkte inn i sak- og arkivsystemet vårt. 
  • Du får ei kvittering på sendinga på e-post. 

 

For å komme inn på eDialog til PPT, klikkar du her og loggar på med MinID, BankID eller liknande. 

 

 

 

 

Skjema til bruk i skular og barnehagar