eDialog – trygg innsending til Interkommunalt PPT for Ulstein, Hareid, Volda og Ørsta

eDialog – trygg innsending til Interkommunalt PPT for Ulstein, Hareid, Volda og Ørsta

Med eDialog kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk  – også om dei inneheld sensitiv informasjon.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Kvifor bruke eDialog? 

Med tenesta eDialog kan du vende deg til oss i ein sikker kanal. Det er betre å bruke eDialog
enn e-post, fordi e-post kan bli hacka eller stoppa i eit spamfilter, eller saksbehandlaren du
sender e-post til, kan vere bortreist. Vi tilrår difor at du brukar eDialog når du skal sende oss
noko, også når innhaldet ikkje er sensitivt.  Ver OBS på at dokumenta må vere i pdf-format.

 

Slik fyller du ut skjemaet på eDialog

  • Obligatoriske felt er merka med *.

  • Vel om du er privatperson/innbyggjar eller om du representerer ei verksemd.

  • I tittelfeltet skriv du kva saka gjeld, skriv også saksnummeret om saka allereie er starta, for eksempel 2020-19.

  • Gi ei god skildring av det du sender inn.

  • Last opp eventuelle dokument. Dokumenta må vere i pdf-format.

  • Klikk på «Send forsendelse». Då vert brevet ditt kryptert og sendt direkte inn i sak- og arkivsystemet vårt. 

  • Du får ei kvittering på sendinga på e-post. 

 

For å komme inn på eDialog til PPT, klikkar du her og loggar på med MinID, BankID eller liknande.