Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

PPT hjelper skulane og barnehagane slik at barn og unge skal få tilpassa, inkluderande og likeverdig opplæring.
 

Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta har ei felles PP-teneste. Ulstein er vertskommune for tenesta.

 

Kven kan kontakte PPT?

Føresette, unge og vaksne kan ta direkte kontakt med PPT. Det vanlegaste er likevel å ta kontakt i samabeid med barnehagen, skulen eller ein annan instans. Desse instansane kan berre kontakte PPT dersom den personen det gjeld, eller dei føresette, gir skriftleg samtykke.

Nedst på sida finn du kontaktinformasjonen vår.

 

Kva rolle har PPT?

Tenesta jobbar på eit overordna nivå og skal i all hovudsak hjelpe leiinga i skulane og barnehagane med kompetanseheving og organisasjonsutvikling. Målet er å legge til rette for at alle får tilpassa, inkluderande og likeverdig opplæring. Slik kan ein hindre at barn vil trenge spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning.

PPT skal arbeide førebyggande, kome tidleg inn og bidra til heilskap og samanheng. PPT skal bygge på forsking og kunnskap. PPT er kommunen sin rådgjevande, sakkunnige instans. Tenesta skal skrive sakkunnig vurdering der lova krev det. Det kan dreie seg om tidlegare eller utsett skulestart, heilt eller delvis fritak frå opplæringsplikta og elevar som treng spesialundervisning eller spesialpedagogisk hjelp. PPT har også ansvar for vidaregåande opplæring, lærlingar, lærekandidatar og vaksenopplæring.

Les meir om PP-tenesta på nettstaden til Utdanningsdirektoratet.

 

Korleis jobbar PPT med organisasjonsutvikling?

PPT kan hjelpe skular og barnehagar med endringsarbeid, til dømes det å leie utviklingsarbeid. For at dei vaksne skal utvikle seg til gode leiarar, må ein arbeide systematisk og langsiktig. Først og fremst må ein arbeide med verdigrunnlag, haldningar, menneskesyn, læring, leik, sosial og emosjonell kompetanse. Det må til for å skape eit miljø der alle skal høyre til, trivast og lære ut ifrå eigne føresetnadar og behov. Meistring og motivasjon er sentralt.

 

Korleis jobbar PPT med kompetanseheving?

Tenesta tilbyr kurs blant anna om korleis ein

  • førebygger, avdekker og handterer mobbing
  • utviklar trygge og inkluderande læringsmiljøsikrar tilpassa, likeverdig og inkludere opplæring for elevar med ulike diagnose t.d. ADHD, autisme eller spesifikke språkvanskar
  • legg til rette for matematikkmeistring for alle
  • førebygger språkvanskar, lese og skrivevanskar

 

PPT som sakkunnig instans

PPT er kommunen sin sakkunnige instans. Det vil seie at PPT mellom anna skal gjennomføre ei sakkunnig utgreiing og gi ei sakkunnig tilråding om saker som omhandlar spesialundervisning, spesialpedagogisk hjelp, framskutt og utsatt skulestart, heilt eller delvis fritak frå opplæringsplikta.

 

Skjema til bruk i skular og barnehagar

 
 

PPT på vidaregåande

 

Kontaktinformasjon

  • E-post: ppt@ulstein.kommune.no
  • Besøksadresse: Blåhuset, Vikemyra 1, 6065 Ulsteinvik, 3. etasje
  • Postadresse: PPT, postboks 200, 6067 Ulsteinvik
  • Telefon: 70 01 75 00 (telefontid kl. 915)
  • Kontaktinformasjon til dei tilsette i PPT-teama