Søke barnehageplass

Søknadsfristen for barnehageplass er utvida til 6. mars.


Hovudopptak

No er det mogleg å søkje om barnehageplass for barnehageåret 2019/2020. Opptaket til både den kommunale og dei private barnehagane skjer samla med eit felles søknadsskjema.

Her er oversikta over alle barnehagane i Ulstein.


Kven har rett til plass?

Barn som er fødde innan 30. november 2018 og som er busette i kommunen har, etter søknad, rett til plass ved hovudopptaket. Sjå den enkelte barnehage sine vedtekter for informasjon om opptak m.m. 

Barn som fyller 1 år i september, oktober eller november har rett til å starte i barnehage den månaden dei fyller 1 år, utan krav om foreldrebetaling frå august.


Kven kan søkje?

  • nye søkjarar
  • alle som ynskjer endring av plass i barnehage eller overflytting til ein annan barnehage


Korleis søkje?

Her er søknadsskjemaet for barnehageplass i Ulstein for barnehageåret 2019/2020.

Søknadsskjemaet krev at du loggar inn med ID-porten (MinID, bankID, buypassID m.a.) Dersom du ikkje har ID-porten, eller er folkeregistrert i ein anna kommune, må du ta kontakt med sørvistorget på tlf. 70 01 75 00 mellom kl. 9 og 15 på kvardagar.  

Søknadsfristen er 6. mars 2019. 

 

Korleis svare på tilbod om plass?

Bruk dette skjemaet for å takke ja eller nei til tilbod om barnehageplass


Søknad utanom hovudopptaket?

For andre søknadar, ta kontakt med barnehagekonsulenten i kommunen. 

Kontakt

Ann-Christin Bonde Helliksen
barnehagekonsulent
E-post
Telefon 70 01 77 07