Pris og moderasjon

Maksprisen for ein heil barnehageplass er 3040 kroner per månad. Prisen gjeld frå 1. august 2019. Det er staten som bestemmer maksprisen.

  

Søskenmoderasjon

For barn nummer to som går i barnehage, vert prisen redusert med 30 %. For barn nummer tre som går i barnehage, vert prisen redusert med 50 %. 

 

Gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling pga. inntekt

 

Frå 1. august 2019 er der endringar i regelverket som gir rett til moderasjon i barnehagebetalinga.

Føresette som har samla skattepliktig inntekt under kr 548 500 kan søke om redusert foreldrebetaling.

Er barnet under to (2) år gjeld: Ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta sin til barnehagen.

Er barnet 2, 3, 4 eller 5 år eller har utsett skulestart og den samla inntekta er under kr 548 500, vert det etter søknad innvilga 20 timar gratis kjernetid.

Ordninga følgjer barnehageåret og vert til vanleg innvilga frå månaden etter at alle opplysningar er mottatt i kommunen.

Tenesta er heimla i Forskrift om foreldrebetaling i barnehager § 3.

 

Søknadsskjema

Søk om gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling.

 

 

Prisar i Sundgotmarka kommunale barnehage

Prisliste for Sundgotmarka barnehage
Plass Pris på barnehageplass i perioden 01.01-31.07.2019 Pris på barnehageplass i perioden 01.08-31.12.2019
100 % 2990 kr 3040 kr
80 % 2721 kr 2766 kr
60 % 2183 kr 2219 kr


  
  
  

Kontakt

Ann-Christin Bonde Helliksen
barnehagekonsulent
E-post
Telefon 70 01 77 07