Oppseiing av barnehageplass

Oppseiing av barnehageplass skal gå fram av den enkelte barnehage sine vedtekter. Vedtektene kan variere frå barnehage til barnehage, så dersom du ønskjer å seie opp barnehageplassen, så ta direkte kontakt med din barnehage. Her er oversikt over alle barnehagane i Ulstein.


Sundgotmarka barnehage er den einaste kommunale barnehagen i Ulstein. Her er oppseiing av plass omtalt i § 7:

Barnehageåret startar andre veka i august. Barn som er tildelt plass og bur i Ulstein kommune, beheld plassen til 31. juli det året dei startar på skule. Oppseiingstid er 2 månadar. Dersom eit barn skal slutte i barnehagen i løpet av barnehageåret, må skriftleg oppseiing sendast barnehagen innan den 1. to månadar før. Dette gjeld og for reduksjon av plass. Dersom barnehagen får fylt opp plassen før oppseiingstida er ute, opphøyrer krav om betaling for meir enn ein månad.

Kontakt

Ann-Christin Bonde Helliksen
barnehagekonsulent
E-post
Telefon 70 01 77 07