Det er ønskeleg at alle barn og ungdomar i skulen i Ulstein kommune tek hurtigtest før dei kjem attende til skulestart. For å få til dette i praksis tilbyr kommunen følgande løysing:
Alle som ikkje har nok hurtigtestar til sine barn til skulestart kan hente på Reiten (Reitensalen, 2.etasje) på følgande datoar og tidspunkt:
30. desember kl 11.30-14.00
3. januar kl 13.00-15.30
Det vert delt ut éin hurtigtest per barn. Oppgi ved oppmøte kor mange skulebarn du har. Husk å halde 1 meters avstand til andre besøkande, og bruk gjerne munnbind.
Alle vert oppmoda om å ta ein hurtigtest på sine barn morgonen før skulestart. Dersom testen er positiv, så må de raskt ta kontakt med Ulstein legesenter for å verte sett opp til PCR-test (70 01 89 89). Ved negativ hurtigtest kan elevane møte til skule, dersom dei er friske elles.