Nytt førebyggande nettvettkonsept til ungdomsskular

Nytt førebyggande nettvettkonsept til ungdomsskular

Nytt konsept skal ta livet til tenåringane på nett på alvor.

Stefan Nordbø Halck frå Barnevakten.no har vore i Ulstein for å halde kurs om "Ung på nett" for alle tilsette ved Ulstein ungdomsskule. Det er eit nytt konsept for ungdomstrinnet som skal ta livet til tenåringane på nett på alvor og bidra til involvering av både foreldre og lærarar.

Ung på nett er eit rammeverk som bidrar til auka kunnskap, trening av haldningar og dialog for at unge skal oppleve god digital trivsel. Samtidig gir det deltakarane verktøy til å førebygge nettmobbing, hatprat, utenforskap og kriminalitet i digitale kanalar.

Vedrana Terzic

Kurset har fleire element:

  • Lærarkurs for alle lærarar om korleis undervise om nettvett
  • Tilgang på oppdaterte læringsressursar
  • Foredrag på kveldstid, med elevar, foreldre og lærarar saman, kalla kveldsskule. Eller samling berre med foreldre

Barnevakten.no

 

Skrive av Vedrana Terzic