17. mai-toga i Ulstein

17. mai-toga i Ulstein

Oppmøtetidspunkt for elevane i 17. mai-toga i Ulstein.

17. mai-tog i Ulstein. Flaggborga i solskin. - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Nasjonaldagen er rett rundt hjørnet, og her har du planane for 17. mai-toga for skuleelevane i Ulstein.

Sentrum

Barnetog frå Fredheim klokka 10.00. Elevane møter seinast 09.45 slik at dei har tid til å finne klassene sine/klassekontaktene og stille opp.

Ulstein skule sine elevar møter ved Ulstein skule klokka 09.30.

Rekkefølge: Flaggborg, 17. mai-komiteen, Ulsteinvik skulekorps/ULF, Ulsteinvik barneskule, barnehagane, Ulstein skule (kjem inn ved Reiten), Ulstein ungdomsskule, Ulstein vidaregåande skule, russen,  Ulstein kompetansesenter, andre.

Hasund og Dimna

Tog klokka 11.00. Toget går frå Hasund skule - Dimnøyvegen, Gjerdsbakkvegen til Hasundgot stadion. Her vert det friluftfest før toget går vidare tilbake til Hasund skule (Hasundgot stadion, Gjerdsbakkvegen, Pilane, Eggatua, Joelvavegen, Dimnøyvegen, Hasund skule).

Flaggborg
17‐mai komiteen
Sundgotmarka barnehage
Hasund skule
HDS/HDU
Bygdafolket

Eiksund og Haddal

Barnetog klokka 11.00. Toget er felles for Eiksund og Haddal og går frå Eiksund Grendahus. 

Skeide og Ulstein

Ulstein skule sine elevar møter ved Ulstein skule klokka 09.30. Møter toget frå sentrum ved Reiten og går inn i barnetoget der.