Høyring: rett til sjukeheimsplass eller tilsvarande bustad

Alvehaugen - Klikk for stort bilete P.O. Dybvik Ei lokal forskrift om rett til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad, er no på høyring.

Sommaren 2016 endra Stortinget pasient- og brukarrettslova og helse- og omsorgstenestelova. Endringane inneheld mellom anna presiseringar av retten til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt lagt til rette for heildøgnstenester. Grunnlaget for lovendringa finn ein i Prop. 99 L (2015-2016).

Delar av lovendringane tok til å gjelde 1.7.2016 og stadfestar gjeldande lov om retten til sjukeheimsplass. Vedtak om kriterium for tildeling av slike tilbod og for retten til å stå på venteliste, er nytt og skal gjelde frå 1.7.2017. Kommunane må innan den datoen vedta ei lokal forskrift om desse rettane.

Samhandlingsgruppa i Sunnmøre Regionråd har samarbeidd om framlegget til lokal forskrift som no er ute på høyring.

Merknadsfristen er 5. juni 2017

Merknader til høyringsframlegget sendast Ulstein kommune innan 5.6.2017. Send gjerne merknadane på e-post til postmottak@ulstein.kommune.no.

Les framlegget til forskrift (PDF, 286 kB).
 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 07.06.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering