Sjølvbetening

 

I menyen til venstre finn du snarvegar til ulike tema som gir deg tilgang til informasjon på eiga hand. 

Du kan også finne informasjon om andre tenester og artiklar ved å bruke søkefeltet "Søk her". I søkefeltet legg du inn dei metadata (beskrivande ord) du ønskjer å finne informasjon om.

 

Tilsette i kommunen / personsøk:

Kommunen er i si heilheit er ein stor organisasjon med mange tilsette, og det er ikkje alle personar som er søkbare på kommunen si heimeside. Du kan gjennomføre søk etter personar og tilsette i søkefeltet "Søk her".

Personsøk og organisasjonskart finn du også her.

 

Offentlege søkjarlister:

Ulstein kommune legg ikkje ut offentlege søkjarlister.

Søkjarlistene er framleis offentlege og både publikum og presse kan be om å få dei utlevert til postmottak@ulstein.kommune.no eller på telefon 70 01 75 00.

 

Klasselister:

Ulstein kommune legg ikkje ut klasselister med elevnamn. Namn på elevar er heller ikkje søkbare i søkefeltet.

 

Elektroniske skjema:

skjemaportalen finn du oversikt over alle elektroniske skjema i kommunen. Den totale skjemaoversikta er sortert alfabetisk. I portalen sin venstremeny finn du dei ulike kategoriane / fagområda. Skjemainndeling etter kategori begrensar antal treff og det blir enklare å finne korrekt skjema.

Vi ynskjer at søknad eller melding til kommunen i størst mogleg grad vert gjort elektronisk.

I skjemaportalen kan du opprette eigen brukarprofil, som du ved seinare høve kan logge deg inn på. Dette gir deg tilgang til å mellomlagre skjemaene dine før du sender dei til oss. I tillegg får du oversikt over dine eigne innsende skjema med referansenummer som du kan oppgi i kontakt med kommunen.

Skjemaportalen_mine saker.JPG - Klikk for stort bilete

I personvernerklæringa (PDF, 257 kB) finn du informasjon om korleis vi forvaltar innsende skjema og annan informasjon vi registrerer om deg.

Bruk gjerne snarvegane vi har lagt ut til kart og andre tenester på nett.

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 02.08.2017
Fann du det du leita etter?
Statistikk (1)
Login for redigering