Kommunestyret

Kommunestyret i Ulstein vart konstituert 17. oktober 2019, og er det øvste styrande organet i kommunen. Politisk leiar for kommunen er ordførar, og administrasjonen er leia av kommunedirektøren.

Ulstein kommune er styrt etter formannskapsmodellen, med kommunestyret som høgste politiske organ med 25 medlemar. Dei folkevalde i kommunestyret skal styre og utvikle kommunen og vere ombod for innbyggarane. 7 parti er representerte i kommunestyret i perioden 2019-2023, og 7 personar frå kommunestyret sine medlemar utgjer formannskapet som sit heile 4-års perioden.

Saker som er handsama i politiske utval går til kommunestyret for endeleg handsaming, med enkelte unntak der vedtaksmynde er delegert til utvala. 

Medlemar av kommunestyret finn du her.