MinEigedom

Gjennom portalen MinEigedom finn du nyttig informasjon om dine eigedomar

Logg inn

- Du treng ikkje å registrere deg. Du loggar deg enkelt inn via ID-porten og får då tilgang til opplysningar om eigedomar der du er registrert som eigar.

Opplysningar du kan forvente å finne under MinEigedom

  • oversikt over kommunale avgifter og eigedomsskatt
  • historikk på tidlegare betalte kommunale avgifter
  • grunnbok- og matrikkelopplysningar om dine eigedomar
  • feiing og tilsyn
  • du kan stille spørsmål og/eller melde ifå om feil/manglar direkte til Ulstein kommune via elektroniske skjema

 

Om du har eigedomar i andre kommunar, må desse kommunane også tilby MinEigedom for at du skal få tilgang til all informasjon. Om kommunane ikkje har registrert seg, vil du likevel gå tilgang til grunnbok- og matrikkelopplysningar.