På saklista til kommunestyret 24. mai 2018

VG Warholm.jpg - Klikk for stort bilete

Karsten Warholm vart Ulstein-ambassadør allereie i 2015. Kva reglar bør gjelde for kven som kan bli utnemnd som Ulstein-ambassadør? Kommunestyret skal avgjere saka 24. mai. 

 
Politiske saker

 

PS 18/25  Forvaltningsrevisjonsprosjekt om tidleg innsats   

Søre Sunnmøre Kommunerevisjon IKS har gjennomført ein forvaltningsrevisjon av arbeidet for tidleg innsats i skulen. Revisjonen kjem med fleire anbefalingar som kontrollutvalet rår kommunestyret til å vedta.

 

PS 18/26  Ulstein-ambassadør 

Ulstein kommune ønskjer å formalisere utmerkinga «Ulstein-ambassadør». Utmerkninga skal henge høgt og gjevast den eller dei løftar fram Ulstein og Ulsteinsamfunnet gjennom kunst, kultur, idrett, litteratur eller andre kulturformer. Ein Ulstein-ambassadør bør ha markert sin aktivitet på nasjonalt eller internasjonalt nivå.

 

PS 18/27  Framlegg til endring av forskrift for minsteareal for hjort i Ulstein kommune 

Viltnemnda rår kommunestyret til å endre forskrift om minsteareal for hjort til 500 dekar per dyr for heile kommunen. I nordre del av kommunen er arealet 700 dekar per dyr no i dag.

 

PS 18/28  Søknad om skjenkeløyve – Naboen Restaurant Ulsteinvik as 

Naboen Restaurant Ulsteinvik AS har overteke drifta av restaurantverksemda i lokala der Din Nabo AS heldt til, og søkjer om nytt skjenkeløyve for alkoholhandlig drikk gruppe 1,2 og 3.

 

PS 18/29  Søknad om å utvide skjenkeløyvet til å omfatte tilverking og innførsel til skjenking – Folk Spiseri 

Folk Spiseri AS søker om å få utvide sitt ordinære skjenkeløyve i medhald av alkohollova § 4-2 2. ledd til å omfatte løyve til tilverknad og innførsel til skjenking i eiga verksemd. Rådmannen tilrår at søknaden vert imøtekomen.

 

PS 18/30  Søknad om utviding av skjenkeløyvet ved Napoli Pizzeria AS 

Napoli Pizzeria AS byggjer ei overbygd terrasse/ vinterhage og søkjer om å få utvida skjenkeløyvet sitt til å omfatte også dette arealet. Rådmannen tilrår at søknaden vert imøtekomen.

 

PS 18/31  Overføring av grendaskular 2018 

Saka gjeld overføring av skular på Dimna, på Flø og i Eiksund til grendalag.

 

PS 18/32  Detaljregulering for Øvre Ringen – Handsaming etter 2. gongs offentleg ettersyn 

Det er utarbeida forslag til detaljregulering av Øvre Ringen. Det vert lagt opp til konsentrert utnytting i form av ei bustadblokk og ein firemannsbustad med tilhøyrande uteopphaldsareal, leikeplass og infrastruktur. Administrasjonen har justert planen med bakgrunn i innkomne merknadar og rår til at den vert vedteken.

 

PS 18/33  Interkommunal kystsoneplan for YSS – utlegging av planprogram til offentleg ettersyn 

Søre Sunnmøre skal vere ein attraktiv stad å drive marin næringsutvikling og felles interkommunal marin næringssatsing skal bidra til å sikre nettopp dette. Fem kommunar har gått saman for å danne eit fundament og grunnlag for at våre nære kystområder vert vurdert som attraktive å etablere seg i. Koordinering, bruk, forvaltning og forsking i desse ”felles” områda står sentralt i det vidare arbeidet mot ein felles interkommunal kystsoneplan. Eit felles planprogram for kommunane er no klart for å legge ut til offentleg ettersyn.

 

PS 18/34  Oppnemning av medlemmer i Styrevervregisteret 

Det er viktig å sikre openheit om kva roller og styreverv folkevalde og tilsette i kommunen har. Eit kommunalt styrevervregister vil ivareta ei slik oversikt og Ulstein kommunestyre skal vedta om dette webbaserte registeret skal takast i bruk.

 

PS 18/35  Ny brannstasjon – prosess for anbodskonkurranse 

I 2017 var sak om val av tomt for ny brannstasjon til politisk handsaming i fleire omgangar. Eit av vedtaka vart sendt til fylkesmannen for lovlegkontroll. Svar på dette ligg føre og det er difor tid for å kome vidare i saka. Etter innspel frå eigar av sentral tomt i Ulsteinvik, ønskjer administrasjonen å få fullmakt til å utarbeide ein anbodskonkurranse.

 

PS 18/36  Mellombelse lokale for feiarane 

I samband med saka om ny brannstasjon, så har Arbeidstilsynet gitt eit pålegg med visse vilkår, eit av desse var å sikre eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø i brakkeriggen. Etter å ha vurdert både ombygging av brakkeriggen og å flytte feiarane til mellombelse lokale, er det konkludert med at Bjørndalvegen 8 (gamle helsestasjonen) er beste alternativet, men at det må gjerast nokre bygningsmessige endringar.

 

PS 18/37  Oppgradering av Ulstein Arena for å få fullt frådrag for moms 

Saka gjeld avklaring av mva-status for Ulstein Arena og investeringar knytt til dette. Det har vore uklart om Ulstein Arena er opplevingssenter eller symjehall i høve mva-reglementet. Etter dialog med Skatt Midt er det no avklart at Ulstein Arena må ha nokre fleire attraksjonar for å få status som opplevingssenter, og dermed få fullt mva-frådrag knytt til badeanlegget. Slik oppgradering vil koste om lag 2,8 mill kroner. Å ikkje gjennomføre oppgraderinga vil «koste» om lag 12,7 mill kroner i tapt mva. UEKF foreslår at ein gjennomfører oppgraderinga.

 

PS 18/38  Rekneskap og årsmelding UEKF 2017 

UEKF legg fram eit rekneskap som viser eit netto driftsresultat på 2.818.560 kroner. Styret foreslår at heile overskotet vert avsett til disposisjonsfond.

 

PS 18/39  Årsrapport for Ulstein kommune 2017 

Årsrapporten er rådmannens samla rapport til dei politiske organa om den kommunale drifta i 2017. Rådmannen rår til at rapporten vert godkjent.

 

PS 18/40  Kommunerekneskapen for 2017 

Rekneskapen for Ulstein kommune i 2017 viser eit overskot (rekneskapsmessig mindreforbruk) på kr. 325.086. I vedlegg 1 er samla drifts- og investeringsrekneskapen med notar, samt balansen pr. 31.12.2017. I vedlegg 2 finn ein kontrollutvalets uttale om kommunerekneskapen og årsrapporten for 2017.

 

PS 18/41  Overføring av investeringsrammer frå 2017 til 2018 

Saka gjeld overføring av investeringsrammer frå 2017 til 2018. Overført beløp går fram av kolonnen «Overførast til 2018» i vedlegg 1. For investeringar på VAR-området går overført beløp fram av vedlegg 2.

 

PS 18/42  Vurdering av rentebinding mai 2018 

Saka gjeld vurdering kring rentebinding på kommunale lån. Rådmannen rår til at tidsramma for rentebinding på eit lån vert utvida.

 

 

Meldingssaker

 

  • RS  18/12  Supplering av skattetakstnemnda 
  • RS  18/13  Bruk av kommunale dokument – Vidare behandling 
  • RS  18/14  Møteprotokoll frå kontrollutvalsmøte 10.04.2018 
  • RS  18/15  Protokoll frå kontrollutvalsmøte 08.05.2018 
  • RS  18/16  Møtereferat - møte med Ulsteinvik Utvikling om Sjøsida byggetrinn II 04.04.2018 
  • RS  18/17  Protokolltilførsel i formannskapsmøtet 13.03.2018 
  • RS  18/18  Framlegg frå Venstre om forbod mot sal av heliumballongar 
  • RS  18/19  Svar frå Fylkesmannen om lovlegkontroll (brannstasjontomt)
  • RS  18/20  Årsmelding og rekneskap for Søre Sunnmøre Landbrukskontor 2017   
  • RS  18/21  Auka brukarbetaling for nødmeldetenesta 110   

 

 

Saksdokument og kontaktinformasjon

 

Her finn du saksdokumenta til møtet.

Her finn du ettersende vedlegg til sak PS 18/37.

Her finn du kontaktinformasjonen til medlemmene i kommunestyret.
 
 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 30.05.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering