På saklista til formannskapet 15. mai 2018

Flø - Klikk for stort bilete Per Eide

Bør skulebygga på Dimna, Flø og Eiksund overførast til grendelaga? Formannskapet skal behandle saka 15. mai, før ho går vidare til kommunestyret.


Politiske saker
 

Beslag & Ventilasjon – søknad om stønad frå næringsfondet (sak PS 18/36)

  • Saka gjeld søknad om tilskot for å starte opp med liftutleige i tillegg til eksisterande verkstad for blikkenslagsarbeid.

 

Framlegg til endring av forskrift for minsteareal for hjort i Ulstein kommune (sak PS 18/37)

  • Viltnemnda rår kommunestyret til å endre forskrift om minsteareal for hjort til 500 dekar per dyr for heile kommunen. I nordre del av kommunen er arealet 700 dekar per dyr no i dag.

 

Oppgradering av Ulstein Arena for å få fullt frådrag for moms (sak PS 18/38)

  • Saka gjeld avklaring av mva-status for Ulstein Arena og investeringar knytt til dette. Det har vore uklart om Ulstein Arena er opplevingssenter eller symjehall i høve mva-reglementet. Etter dialog med Skatt Midt er det no avklart at Ulstein Arena må ha nokre fleire attraksjonar for å få status som opplevingssenter, og dermed få fullt mva-frådrag knytt til badeanlegget. Slik oppgradering vil koste om lag 2,8 mill kroner. Å ikkje gjennomføre oppgraderinga vil «koste» om lag 12,7 mill kroner i tapt mva. UEKF foreslår at ein gjennomfører oppgraderinga.

 

Årsrapport for Ulstein kommune 2017 (PS 18/39)

  • Årsrapporten er rådmannens samla rapport til dei politiske organa om den kommunale drifta i 2017. Rådmannen rår til at rapporten vert godkjent.

 

Kommunerekneskapen for 2017 (PS 18/40)

  • Rekneskapen for Ulstein kommune i 2017 viser eit overskot (rekneskapsmessig mindreforbruk) på kr. 325.086. I vedlegg 1 er samla drifts- og investeringsrekneskapen med notar, samt balansen pr. 31.12.2017. I vedlegg 2 finn ein Kontrollutvalets uttale om kommunerekneskapen og årsrapporten for 2017.

 

Overføring av investeringsrammer frå 2017 til 2018  (PS 18/41)

  • Saka gjeld overføring av investeringsrammer frå 2017 til 2018. Overført beløp går fram av kolonnen «Overførast til 2018» i vedlegg 1. For investeringar på VAR-området går overført beløp fram av vedlegg 2.

 

Rekneskap og årsmelding UEKF 2017 (PS 18/42)

  • UEKF legg fram eit rekneskap som viser eit netto driftsresultat på 2.818.560 kroner. Styret foreslår at heile overskotet vert avsett til disposisjonsfond.

 

Oppnemning av medlemmer i Styrevervregisteret (PS 18/43)

  • Det er viktig å sikre openheit om kva roller og styreverv folkevalde og tilsette i kommunen har. Eit kommunalt styrevervregister vil ivareta ei slik oversikt og Ulstein kommunestyre skal vedta om dette webbaserte registeret skal takast i bruk.

 

Overføring av grendaskular 2018 (PS 18/44)

  • Saka gjeld overføring av skular på Dimna, på Flø og i Eiksund til grendalag.

 

Mellombelse lokale for feiarane (PS 18/45)

  • I samband med saka om ny brannstasjon, så har Arbeidstilsynet gitt eit pålegg med visse vilkår, eit av desse var å sikre eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø i brakkeriggen. Etter å ha vurdert både ombygging av brakkeriggen og å flytte feiarane til mellombelse lokale, er det konkludert med at Bjørndalvegen 8 (gamle helsestasjonen) er beste alternativet, men at det må gjerast nokre bygningsmessige endringar.

 

Ny brannstasjon – prosess for anbodskonkurranse (PS 18/46)

  • I 2017 var sak om val av tomt for ny brannstasjon til politisk handsaming i fleire omgangar. Eit av vedtaka vart sendt til fylkesmannen for lovlegkontroll. Svar på dette ligg føre og det er difor tid for å kome vidare i saka. Etter innspel frå eigar av sentral tomt i Ulsteinvik, ønskjer administrasjonen å få fullmakt til å utarbeide ein anbodskonkurranse.

 

Søknad om skjenkeløyve for festivalhelg i Ulsteinhallen 19. og 20. oktober 2018 (sak PS 18/47)

  • IL Hødd Fotball ønskjer å arrangere festivalhelg i Ulsteinhallen 19. og 20. oktober 2018 og søkjer om skjenkeløyve for eit enkelt høve. Då dette gjeld eit større arrangement i ein idrettshall som normalt er ei rusfri sone, vurderer rådmannen at saka er prinsipiell. Saka vert sendt til Ulstein formannskap for avgjerd i medhald av Ulstein kommune sitt delegeringsreglement, jf. alkohollova § 1-6.

 

Søknad om skjenkeløyve for Trebaatfestivalen 2018 (sak PS 18/48)

  • På vegne av Foreininga Trebaatfestivalen (org.nr. 916 588 313) søkjer Ratata AS (org.nr. 912 278 042) om skjenkeløyve for eit enkelt høve i perioda frå og med 23. august til og med 25. august 2018. Det er søkt om at heile kulturallmenningen vert godkjent som uteområde for skjenking av alkohol, laurdag 25. august. Rådmannen vurderer at dette er ei vesentleg utviding av skjenkearealet i høve til tidlegare år, og at saka er å rekne som prinsipiell. Søknaden vert difor sendt til formannskapet for avgjerd i medhald av Ulstein kommune sitt delegeringsreglement.

 

Ruteendringar og FramFlexx (sak PS 18/49)

  • Fylkeskommunen har sendt ut informasjon om ruteendringsprosessen for 2019 og bede om innspel frå kommunane. Dessutan vert formannskapet invitert til å ta stilling til innføring av Fram Flexx-ordninga.

 

Vurdering av rentebinding mai 2018 (PS 18/50)

  • Saka gjeld vurdering kring rentebinding på kommunale lån. Rådmannen rår til at tidsramma for rentebinding på eit lån vert utvida.

 

Interkommunal kystsoneplan for YSS – utlegging av planprogram til offentleg ettersyn (PS 18/51)

  • Søre Sunnmøre skal vere ein attraktiv stad å drive marin næringsutvikling og felles interkommunal marin næringssatsing skal bidra til å sikre nettopp dette. Fem kommunar har gått saman for å danne eit fundament og grunnlag for at våre nære kystområder vert vurdert som attraktive å etablere seg i. Koordinering, bruk, forvaltning og forsking i desse ”felles” områda står sentralt i det vidare arbeidet mot ein felles interkommunal kystsoneplan. Eit felles planprogram for kommunane er no klart for å legge ut til offentleg ettersyn.

 

Barnehageplan 2018–2023 (PS 18/52)

  • Administrasjonen legg fram ny barnehageplan for perioden 2018-2024, i tråd med verbalvedtak i sak om økonomiplan for perioden 2018-2021. Planen vert lagt fram for formannskapet for vedtak om høyringsrunde.


 

Meldingssaker

  • RS  18/11  Statusrapport Ulstein Arena
  • RS  18/12  Svar frå Fylkesmannen om lovlegkontroll (brannstasjontomt) 
  • RS  18/13  Bruk av kommunale dokument – Vidare behandling 
  • RS  18/14  Protokolltilførsel i formannskapsmøtet 13.03.2018 


 

Saksdokument og kontaktinformasjon

 

Her finn du saksdokumenta til møtet.

Her finn du kontaktinformasjonen til medlemmene i formannskapet.


 



 

 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 30.05.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering