På saklista til formannskapet 12. juni 2018

Heliumballongar.jpg - Klikk for stort bilete flickr/frankieleon (Creative Commons)

 

Korleis kan kommunen innføre forbod mot heliumballongar? Det blir eitt av temaa på formannskapsmøtet 12. juni.

 

 

Politiske saker

 

Nordvestklinikk AS – søknad til næringsfondet (sak PS 18/56)

Nordvestklinikk AS søkjer næringsfondet om støtte til kjøp av ultralydmaskin. For å styrke det tverrfaglege tilbodet i eksisterande bedrift vil kjøp av ein ultralydmaskin gi eit breiare helsetilbod til folk i heile regionen.

 

Nordvest Naprapatklinikk AS – støtte frå næringsfondet (sak PS 18/57)

Nordvest Naprapatklinikk AS samarbeider med Nordvestklinikk AS og i høve det samarbeidet ynskjer dei å kurse to tilsette i bruk av ultralydmaskin. I søknaden ligg der også inne søknad på støtte til marknadsføring av dette. Kostnad er satt til kr 233 000 som er kr 108 000 til kurs/kompetanseheving og kr 125 000 til marknadsføring.

 

Tertialrapport 1. tertial 2018 (sak PS 18/58)

Tertialrapporten gir status på tenesteproduksjon, økonomi og sjukefråvær for perioden januar–april 2018. Rapporten vert lagt fram for faste utval, formannskapet og kommunestyret og baserer seg på tilbakemeldingar frå einingsleiarane i Agresso Web. Rapporten viser at fleire sektorer har betydelege utfordringar med å klare seg innafor dei vedtekne budsjettrammene, og særs stram økonomistyring må til om ein skal klare balanse i 2018.

 

Finansrapport 1. tertial 2018 (sak PS 18/59)

Finansrapporten vert utarbeidd i samband med tertialrapporteringa, og lagt fram for formannskapet og kommunestyret. Porteføljen som Sydvestor AS nyttar til aktiv forvaltning av langsiktig likviditet, syner eit overskot på kr 496 000 i første tertial. Viss ein tek omsyn til forvaltningshonoraret til Sydvestor, utgjer overskotet om lag kr 430 000. Samla lånegjeld for Ulstein kommune og UEKF utgjer vel 1,5 milliardar kroner ved utgangen av april.

 

Barnehageplan 2018–2024 (sak PS 18/60)

Administrasjonen legg fram ny barnehageplan for perioden 2018-2024, i tråd med verbalvedtak i sak om økonomiplan for perioden 2018-2021.

 

Utviding av introduksjonsprogrammet i Ulstein og kvalifisering av flyktningar (sak PS 18/61)

I møte i kommunestyret 14.12.17 var verbalframlegg om forlenging av introduksjonsprogrammet vedteke. Saka er utvida til også å omfatte andre kvalifiseringstiltak samt finansiering av flyktningfeltet.

 

Ballbinge Eiksund – forskottering av spelemidlar (sak PS 18/62)

Ulstein kommune i samarbeid med Eiksund bygdalag har teke initativ til bygging av ballbinge i Eiksund, på utearealet ved tidlegare Eiksund skule. Nærmiljøanlegget er prioritert i kommunen sin KIF-plan. Finansiering skjer gjennom tilskot frå bygdelaget, dugnad og spelemidlar. Det er behov for at Ulstein kommune forskotterer tilskotet frå spelemidlane på kr 300.000.

 

Bygging turveg Breifjellet – Årdalen (sak PS 18/63)

Turvegen Breifjellet–Årdalen fullfører utbygginga av turvegar i Ulsteinfjella. Turvegen er innarbeidd i kommunen sin KIF-plan, førehandsgodkjend i høve spelemidlar og godkjend i teknisk utval. Prosjektet er no fullfinansiert med eksterne midlar og saka gjeld godkjenning av investeringstiltak og forskottering av spelemidlar.

 

Strategi for innbyggardialog (sak PS 18/64)

Ulstein kommune ønsker å gi innbyggarane betre høve til å ta del i lokaldemokratiet mellom vala. Prosjektet «Styrka innbyggardialog og lokaldemokrati» går føre seg i 2017–2018. Strategidokumentet skal bidra til å føre satsinga vidare ut over prosjektperioden.

 

Offentleg ettersyn – Hovudplan for avløp 20182029 (sak PS 18/65)

Hovudplan for avløp er ein kommunedelplan. Hovudformålet med planen er å leggje til rette for at det blir bygd ut gode løysingar for oppsamling, transport, reinsing og utslepp av avløpsvatn i Ulstein kommune. Planen vil vere eit grunnlag for budsjett og økonomiplan innanfor avløpssektoren. Administrasjonen rår til at utkast til hovudplan for avløp vert lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker.

 

Etablering av utviklingsforum for Ålesund lufthamn Vigra AS (sak PS 18/66)

Ulstein kommune er representert i interimsstyret som er sett ned for å etablere selskapet Utviklingsforum for Ålesund lufthamn Vigra AS. Utkastet til vedtekter seier at selskapet skal fokusere på å styrke rutetilbodet, spesielt utanlands, infrastruktur som er relevant for flyplassen og tilbringartenesta. Rådmannen tilrår at kommunen blir eigar i selskapet.

 

TV-aksjonskomite for 2018 (ettersendt sak)

TV-aksjonen NRK 2018 går til Kirkens Bymisjon sitt arbeid for å skapet eit varmare og meir inkluderande samfunn. At menneske skal erfare respekt, rettferd og omsorg uansett religiøs og kulturell bakgrunn, seksuell legning, livssituasjon eller livssyn. Formannskapet skal vedta kven som skal representere årets kommune- og TV-aksjonskomité i Ulstein. Komiteen skal organisere aksjonsdagen, og den er avgjerande for å kunne mobilisere bøsseberarar, organisasjonar, skular, næringsliv, foreiningar og idrettslag.
 

 

Meldingssaker

  • Statusrapport Ulstein Arena (sak RS 18/15)
  • Tilbakemelding til formannskapet (sak RS 18/16)
  • Årsmelding frå Opplæringskontoret for søre Sunnmøre (sak RS 18/17)
  • Heiltidskultur i Ulstein kommune – orientering til formannskapet (sak RS 18/18)
  • Vedtak i kommunestyret 24.5.2018 om heliumballongar (sak RS 18/19)

 

Orienteringar

  • Rådmannen orienterer om oppfølginga av kommunestyrets vedtak om forbod mot heliumballongar.
  • Tenestesamarbeid mellom Ulstein, Herøy og Vanylven (ekstra sak) 
  • Etablering av Ulstein næringsforum (ekstra sak)

 

Saksdokument og kontaktinformasjon

 

Her finn du saksdokumenta til møtet.

Her finn du ettersende saksdokument til møtet.  

Her finn du kontaktinformasjonen til medlemmene i formannskapet.


 
 
 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 15.06.2018
Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)
Login for redigering