Står du i manntalet?

Manntalet for Ulstein er ei liste over kven som har røysterett i kommunen. Du kan sjølv sjekke om du står i manntalet. 

  

Kven kjem med i manntalet? 

Dersom du har røysterett, kjem du automatisk med i manntalet i den kommunen der du var folkeregistrert som busett 30. juni i år. 

Dersom du registrerte flytting til ein ny kommune før 30. juni skal du ha røysterett i den nye kommunen. Dersom du har registrert flytting til ein annan kommune etter 30. juni, har du røysterett i den gamle kommunen. 

 

Korleis finn du ut om står i Ulstein-manntalet?

I servicetorget på rådhuset ligg det ei utskrift av manntalet for Ulstein. Der kan du sjekke om du er ført opp.

Servicetorget er ope alle kvardagar frå kl. 9 til 15. 

Manntalet ligg ute fram til valdagen 9. september. 

Vi har ikkje lov til å publisere manntalet på nettet.

Du kan sende inn ein klage dersom det er feil i manntalet. Klagen skal vere skriftleg og grunngiven. Ein eventuell klage sender du til valstyret i Ulstein. Bruk adressa postmottak@ulstein.kommune.no eller Ulstein kommune, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.