Røyste på førehand

Frå 1. juli til 6. september 2019 kan du røyste på førehand i Ulstein. Her ser du kvar og når du kan røyste.

  
Merk at du kan førehandsrøyste over heile landet frå 10. august. Du kan også røyste frå utlandet


Ulstein rådhus (tidlegrøysting) 

1. juli–9. august kl. 9–15 måndag–fredag 

 

Ulstein rådhus 

12.–23. august kl. 9–16 måndag–fredag 


Ulstein bibliotek

26. august–6. september kl. 9–16 måndag–fredag 

Unntak: torsdagane 29. august og 5. september er opningstida kl. 9–20. 

 

Ulstein sjukeheim

27. august kl. 10–12


Omsorgsbustadane i Holsekerdalen 20

27. august kl. 12.30–14


Ulshaug eldresenter

27. august kl. 14.30–16

 

Sunnmøre folkehøgskule

27. august kl. 14–16.30 

 

Heimen din 

Treng du å førehandsrøyste heime (såkalla ambulerande røysting), har du rett til det.

For å få røyste heime, må du gi beskjed til kommunen seinast i løpet av 4. september.

Du gir beskjed ved å ringe sentralbordet på tlf. 70 01 75 00 eller sende e-post til postmottak@ulstein.kommune.no.