Stortings- og sametingsvalet 2021

Klikk for stort bilete Oslo kommune/Sturlason 13. september er det stortings- og sametingsval i Noreg. Her finn du informasjon om valavviklinga i Ulstein.

Stortingsvalet 2021 er eit nasjonalt val der det vert valt representantar til stortinget. Valdagen er måndag 13. september. Samtidig med stortingsvalet er det val til sametinget.


Ofte stilte spørsmål om valet

Tidlegrøysting og førehandsrøysting

Det er mottak av tidlegrøyster på rådhuset i Ulstein måndag - fredag mellom kl. 9:00 - 15.00 i perioden 1. juli t.o.m. 9. august.

Frå 10. august opnar vi for den ordinære førhandsrøystinga. Den varer fram til 10. september. Vi oppmodar så mange som råd til å førehandsrøyste ved årets val, dette for å minske smitterisiko på grunn av koronapandemien.

Du kan førehandsrøyste her:

Førehandsrøysting i Ulstein
Stad Periode Opningstid
Ulstein rådhus 10. august - 13. august 9-15
Ulstein bibliotek (Ulstein Arena) 16. august-10. september 9-16
Ulstein bibliotek (Ulstein Arena) 2. september og 9. september 7-20
Ulstein vgs. 3. september 11-13
Sunnmøre folkehøgskule 3. september 14-16
Amfi og Blåhuset 4. september 11-15
Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter 6. september 10-12
Bygdastova/Ulshaugen 6. september 14-16

 

Korleis foregår førehandsrøystinga?

Dersom du førehandsrøyster i den kommunen du er manntalsført i, vert røysteseddelen lagt direkte i valurna etter at han har vorte stempla og du har vorte kryssa av i manntalet.

Dersom du skal førehandsrøyste i ein annan kommune enn der du er manntalsført, får du utlevert ein røysteseddelkonvolutt som du skal legge røysteseddelen din i. Røysteseddelkonvolutten vert deretter lagt i ein ny konvolutt saman med valkortet ditt. 

Omslagskonvolutten vert deretter sendt til valstyret i den kommunen som du er manntalsført i. Der vert du kryssa av i manntalet og valkortet ditt vert skilt frå røysteseddelkonvolutten. Røysteseddelkonvolutten vert lagt i ei urne som vert opna på valdagen. På denne måten er veljarane sikra hemmeleg val, og det er ikkje mogleg å finne ut kva ein person har røysta.

Vallokale og opningstid valdagen

På valdagen 13. september må du røyste i kommunen du er folkeregistrert i og dermed manntalsført i.
Frå 2021 er det fire røystekrinsar i Ulstein kommune:

  1. Hasund og Dimna valkrins
    Røystelokalet er Hasund skule og opningstida er kl. 13-19.
     
  2. Haddal og Eiksund valkrins
    Røystelokalet er Haddal skule og opningstida er kl. 13-19.
     
  3. Ulstein og Flø valkrins
    Røystelokalet er Ulstein skule og opningstida er kl. 13-19.
     
  4. Ulsteinvik valkrins
    Røystelokalet er idrettshallen i Ulstein Arena og opningstida er kl. 09-20.
Vallister og kandidatar til stortingsvalet

I Møre og Romsdal er det i år 18 parti som stiller liste til stortingsvalet.

HER (PDF, 60 kB) kan du få oversikt over alle partia og kandidatane i fylket.


Partia som stiller til val er: 

1. Arbeidarpartiet

2. Demokratene

3. Folkeaksjonen nei til mer bompenger

4. Framstegspartiet

5. Helsepartiet

6. Høgre

7. Industri- og næringspartiet

8. Kristeleg Folkeparti

9. Partiet De Kristne

10. Liberalistene

11. Miljøpartiet De Grønne

12. Pensjonistpartiet

13. Partiet Sentrum

14. Rødt

15. Senterpartiet

16. Sosialistisk Venstreparti

17. Venstre

18. Alliansen - Alternativ for Norge

Det er også høve til å røyste blankt.


Dersom du har spørsmål knytta til listene må du kontakte den aktuelle fylkeskommunen som valdistriktet tilhøyrer. 

Kontaktinformasjon til Møre og Romsdal fylkeskommune finn du her, på heimesida deira.

Er du i isolasjon eller karantene?

Dersom du sit i karantene, skal du ikkje møte i ordinært vallokale.

Å røyste er sett på som eit naudsynt ærend. Du kan difor forlate karantenestad for å røyste så lenge du ikkje kjem i nærkontakt med andre eller må ta kollektivtransport.

Dersom du hamnar i karantene i førehandsrøysteperioden, vil vi at du skal vente med å røyste til du er ute av karantene. Er dette likevel einaste moglegheit for å røyste kan du gjere to ting:

  1. Ring oss på rådhuset, avtal tid og møt opp i bilen utanfor rådhuset. Vi vil då kome ut til deg med naudsynt utstyr.
  2. Dersom du ikkje kjem deg til rådhuset utan å vere i nærkontakt med andre, kan vi kome heim til deg med naudsynt utstyr. Ring på 70 01 75 00 eller send e-post til postmottak@ulstein.kommune.no.  
    Siste frist for å melde inn dette er 10. september klokka 10.

Isolasjon

Dersom du sit i isolasjon i førehandsrøysteperioden, må du vente med å røyste til du er friskmeldt.

Dersom du sit i isolasjon på valdagen, vil valfunksjonærar kome heim til deg med røystesetler og urne. Dei vil også ha på seg naudsynt smittevernutstyr. 

Ring på 70 01 75 00 eller send e-post til postmottak@ulstein.kommune.no. 

Siste frist for å melde inn dette er måndag 13. september klokka 10.

 

 
Røyste heime? Ambulerande røysting

Dersom du ikkje kan komme til eit vallokale eller dersom du ikkje kan førehandsrøyste på rådhuset/biblioteket på grunn av at du er ufør eller sjuk, kan du søke valstyret om å få røyste heime eller der du oppheld deg.

Frist for å melde frå om dette er fredag 10. september klokka 10, men vi set pris på om vi får beskjed så tidleg som mogleg.

Ta kontakt med kommunen på tlf. 70 01 75 00 eller via postmottak@ulstein.kommune.no.

 

Har eg røysterett?

Du har røysterett dersom du er:

  • Norsk statsborgar
  • Har fylt 18 år innan utgangen av 2021 (født i 2003)
  • Er, eller har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet. 

Står eg i manntalet?

Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. For å kunne røyste må du stå innført i manntalet.

Veljarar busett i Noreg vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni i valåret.

Flyttar du til ein annan kommune etter 30. juni, er du fortsatt registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå sjølv om du melder flytting.
Manntalet ligg ute til offentleg ettersyn på servicetorget på Ulstein rådhuset t.o.m. valdagen..

 

Bur du i utlandet?

Er du busett i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste 10 åra, vert du automatisk ført inn i manntalet i kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søke di siste bustadskommune om å verte ført inn i manntalet. Dersom du ikkje nokon gong har vore folkeregisterført som busett i Noreg, skal du søke til Oslo kommune.

 

Slik søkjer du om å bli innført i manntalet

Du søkjer ved å skrive under på omslagskonvolutten som vert brukt ved førehandsrøystegjeving utanriks. Dersom du førehandsrøyster i Noreg eller ikkje brukar den nemnde omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Røystemottakar har eit skjema som du kan fylle ut samtidig som du avgir røysta di, eller du kan gjere det digitalt ved å fylle ut skjema for søknad om innføring i manntalet. Søknaden må innehalde ei erklæring om at du fortsatt er norsk statsborgar.

Søknaden skal sendast til valstyret i den kommunen der du sist var registrert busett i Noreg. Søknaden må vere kome fram til valstyret innan 14. september kl. 17:00 for å kunne bli innvilga.

Bruk eDialog for å sende inn søknad.

 

Må eg røyste i kommunen eg er busett i?

På valdagen må du røyste i kommunen du er busett i. I førehandrøysteperioden kan du røyste i alle vallokale i heile landet.

Legitimasjon

Når du skal avgi di stemme, må du ha med legitimasjon. Det er ikke nok å ha med valkort, eller å oppgi namn og fødselsdato.

Dei fleste får no tilsendt digitale valkort. Dette kan du laste ned og ha på mobilen. Det er ikkje nødvendig å vise dette fram når du skal røyste, men det vil lette arbeidet til røystemottakarane. Valkortet er ikkje gyldig som legitimasjon.

Dersom du er ukjent for røystemottakaren i vallokalet må du legitimere deg. Dette er fordi det skal vere mogleg å kontrollere at du er den du utgir deg for å vere. Dersom det ikkje er mogleg å stadfeste dette, får du heller ikke avgitt di stemme. Andre personar i vallokalet kan heller ikkje gå god for din identitet. At du tar med deg legitimasjon når du skal røyste er difor viktig.

Gyldig legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilde. Det er også mogleg å bruke andre former for legitimasjon, men minstekravet er at det må innehalde namn, fødselsdato og bilde. 

 

Unntak på institusjonar

Det finst berre éin unntaksregel når det gjeld framvising av legitimasjon, og dette er for veljarar som oppheld seg på institusjonar som helse- og omsorgsinstitusjonar og fengsel. Her er det ikkje eit absolutt krav at veljaren må identifisere seg, fordi det kan vere tilfelle der veljar ikkje har legitimasjonspapir tilgjengeleg. I slike tilfelle kan ein tilsett ved institusjonen gå god for veljaren sin identitet. Det er då et vilkår at den tilsette kan legitimere seg.

Kan eg gjere endringar på røystesetelen ved stortingsvalet?

Ved stortingsval kan du renummerere kandidatar. Dersom du meiner at kandidat nr. 7 bør vere kandidat nr. 2, kan du endre dette på røysteseddelen. Vidare kan du stryke kandidatar, dersom det er enkelte kandidatar du er usamd i at står på lista.

I motsetning til kommunestyre- og fylkestingsvalet er det ikkje høve til å gi personrøyst eller slengarrøyst.


Eksempel på korleis du kan renummere kandidatar på røystesetelen:

Klikk for stort bilete   

 

 

 

 

 

 

 

 

Eksempel på korleis du kan stryke kandidatar frå røystesetelen:

Klikk for stort bilete  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kva om veljar er manntalsført i eit anna fylke?

Du kan førehandsrøyste i Ulstein sjølv om du er folkeregistrert som busett i eit anna fylke enn Møre og Romsdal. Røystemottakar vil då gi deg ein generell røystesetel

Dei generelle røystesetlane inneheld ei liste med alle dei registrerte politiske partia i Noreg, og har forkorting av partinamna i punktskrift. Veljar kan ikkje gjere andre endringar enn å setje kryss på det partiet han/ho vil røyste på. Renummerering og stryking av kandidatar er ikkje mogleg på dei generelle røystesetlane.

 

Sametinget

I Ulstein er det registrert under 30 personar i samemanntalet, og det er difor berre høve til å førehandsrøyste i perioden 10. august-10. september.

Veljar legitimerar seg og får utdelt avkryssingsrøystesetel med namna til dei registrerte samepolitiske organisasjonane, og ein blå røystesetelkonvolutt før han/ho går til røystebåsen. Veljar set kryss på det partiet som han/ho vil røyste på, legg røystesetelen i den blå konvolutten og limer igjen konvolutten. Røystesetelen til sametinget skal ikkje stemplast i vårt vallokale.

Røystemottakar skriv ut valkort som vert lagt i gul omslagskonvolutt saman med den blå konvolutten som røystesetelen ligg i. Veljar legg konvoluttstemma si i urna «Førehandsrøyster i konvolutt».

Kommunen sender konvolutten vidare til oppteljingskommunen - som i Ulstein sitt tilfelle er Oslo.

Smittevern og val

Det skal vere trygt å stemme. Vi vil difor sørge for å ha godt smittevern i alle vallokale.

Vi oppmodar så mange som råd til å førehandsstemme ved årets val, dette for å minske smitterisiko på grunn av koronapandemien. Dersom fleire enn ved tidlegare val førhandsrøystar i år, vil vi få spreidd veljarane utover og unngår kø på valdagen. Å unngå kø er eit av dei viktigaste smitteverntiltaka.

Regjeringa har laga ei rettleiing for smittevern i samband med valgjennomføring. Ulstein kommune følger denne ved gjennomføring av stortings- og sametingsvalet.

Oppsummering av innhaldet i rettleiaren:

  • Valet kan gjennomførast
  • Ingen sjuke kan vere i stemmelokala, men det skal leggast til rette for at alle får stemt
  • Kontaktreduserande tiltak i alle ledd for å sørge for god avstand
  • Kommunane må sørge for godt reinhald og god hygiene

Regjeringa si rettleiing om smittevern under valet

 

 

 

 

  

Kontakt

Janne-Marit Myklebust
kommunikasjonsrådgivar
E-post
Telefon 70 01 75 00
Mobil 970 89 285