På saklista til teknisk utval 15. november

Brannvesen - Klikk for stort bilete Madeleine Pettersson Kva meiner du om å ha felles brannvesen for Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven og Ørsta? Saka skal opp i teknisk utval 15. november. Kommunen skal ta stilling til om det skal greiast ut å ha eit felles brannvesen på Søre Sunnmøre.

  

Politiske saker

 

Gnr. 10 bnr. 217. Søknad om dispensasjon for utnyttingsgrad – Mads-Andre og Maria Værnes (sak PS 18/113) 

Mads-Andre og Maria Værnes ynskjer å føre opp tilbygg til bustadhuset i Støyleråsa 26. Det er i den samanheng søkt om dispensasjon for utnyttingsgraden. Gjeldande reguleringsplan tilseier maksimalt 27 % BYA, medan Værnes sin eigedom etter tilbygging vil verte på om lag 29,6 % BYA. Det er innlevert merknad frå nabo. Kommunalsjef teknisk rår til at søknaden om dispensasjon likevel vert gjeve.

 

Søknad om dispensasjon frå kommuneplanen – garasje (sak PS 18/114) 

Eigar av gnr. 5, bnr. 4 har søkt om dispensasjon frå kommuneplanen for oppføring av garasje med grunnflate 67,5 m2 BYA og mønehøgd 6,15 meter. Administrasjonen tilrår ikkje dispensasjon frå kommuneplanen sine føresegner. 

 

Flytebrygge – revidert tiltak – søknad om dispensasjon frå arealføremålet i kommuneplanen (sak PS 18/115) 

Søkjaren fekk i vedtak PS 18/70 i teknisk utval avslag på søknad om flytebrygge på Hasund og dispensasjon frå kommuneplanen og pbl. Teknisk utval var – etter klage og synfaring – positiv til tiltaket, dersom tiltaket vart endra, jf. vedtak 18/95 i teknisk utval, møtedato 13.9.2018. Søkjaren har levert inn teikningar av revidert tiltak, og klagen / revidert tiltak kan dermed realitetshandsamast, jf. vedtak PS 18/70 og PS 18/95 i teknisk utval. Ut ifrå viste endringar av
tiltaket tilrår administrasjonen at klaga vert teken til følgje og dispensasjon gjeve. 

 

Brannvernsamarbeid Søre Sunnmøre (sak PS 18/116) 

Det vert tilkrådd å starte opp ei fagleg utgreiing om brannvernsamarbeid mellom kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven og Ørsta. Målsetjing for samarbeidet er eit felles brann- og feievesen der ein samordnar dei administrative, beredskapsmessige og førebyggande ressursane for å kunne yte betre og meir effektive tenester til innbyggjarane. 

 

Forskrift om gebyrregulativ for arbeid etter plan- og bygningslova, matrikkellova og seksjoneringslova (sak PS18/117) 

Saka gjeld reviderte forskrifter med fastsetting av gebyrsatsar for 2019 for arbeid etter plan- og bygningslova, eigarseksjonslova og matrikkellova. 

 

Gebyr og investering VA 2019 (sak PS 18/118)

Saka gjeld gebyrsatsar og investeringsramme for vatn og avløp 2019. 

 

Økonomiplan 2019–2022 (sak PS18/119)

Økonomiplan 2019 til 2022 omhandlar bruken av kommunale midlar til drift og investering. Arbeidet med økonomiplanen går gjennom politiske utval til formannskapet. Etter endeleg handsaming i formannskapet den 27. november ligg saka ute til uttale i to veker. Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret den 13. desember. 

 

Meldingssaker

  • RS 18/20 Vedtak i klagesak - mellombels forbod mot tiltak – Bjørndalvegen
  • RS 18/21 Vedtak i klagesak etter plan- og bygningslova
  • RS 18/22 Melding om vedtak – Ny behandling av sak om handheving og skilting av parkeringsplassar for rørslehemma
  • RS 18/23 Tiltak for betre jordvern i kommunane

 

Saksdokument og kontaktinformasjon 

Her finn du sasdokumenta til møtet

Her finn du kontaktinformasjonen til medlemmene i teknisk utval