På saklista til kommunestyret 29. november 2018

Brannvesen - Klikk for stort bilete Madeleine Pettersson Bør Søre Sunnmøre ha felles brannvern? Saka har vore oppe i teknisk utval og formannskapet, og 29. november skal kommunestyret handsame saka. Her kan du lese saksdokumenta til møtet. 

  

Følg møtet direkte på Facebook-sida vår

Først i møtet presenterer ungdomsrådet seg og viktige saker for ungdom.

Bergen Capital Management orienterer om finansforvalting.

 

Politiske saker

 

Høyring – endringar i drosjereguleringa – oppheving av behovsprøvinga m.m. (sak PS 18/84) 

Samferdselsdepartementet har sendt ut på høyring eit forslag om endringar i regelverket som gjeld drosjer. Hovudpunkta i endringa er å:

  • oppheve reguleringa av tal på drosjer med tilhøyrande driveplikt, tildelingskriterier og krav om hovuderverv for drosjeløyve
  • gi fylkeskommunen høve til å tildele einerettar for drosjetransport i kommunar der talet på innbyggarar er under ein viss terskelverdi 

 

Forbod mot heliumballongar m.m. – Revisjon av reglement for handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom i Ulstein kommune (sak PS 18/85) 

Ulstein kommunestyre vedtok i mai i år eit forbod mot sal av heliumballongar, og mot ballongslepp frå kommunal grunn. Vedtaket kom som ei følgje av ei framlegg frå Ulstein Venstre. Rådmannen tilrår at forbodet vert innarbeidd i kommunen sitt eksisterande reglement for handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom. Rådmannen foreslår vidare ei utviding av reglementet til å omfatte utleige av kommunal grunn til andre aktivitetar, som t.d. utandørs konsertar og tivoli.

 

Søknad om nytt skjenkeløyve – Verona Ulsteinvik AS (sak PS 18/86) 

Verona Ulsteinvik AS (org. nr. 921283873) har overteke drifta av Ulstein Pizza og Grill AS (Verona Restaurant), og søker om nytt skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2. Eigar av verksemda er Mussa Tekhle Rake. 

 

Statleg sikring av friluftsområde i Ulstein (sak PS 18/87) 

Det er eit nasjonalt mål at alle skal ha moglegheit til å utøve friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles, og at område av verdi for friluftslivet skal sikrast og forvaltast slik at naturgrunnlaget blir teke vare på. For å sikre viktige område for friluftsliv i framtida, samt vidare utvikle og legge til rette for friluftsaktivitetar her, ynskjer vi å søke midlar til statlig sikring av dei mykje brukte områda Osnessanden og Bugardsmyrane.

 

Brannvernsamarbeid Søre Sunnmøre (sak PS 18/88) 

Det vert tilkrådd å starte opp ei fagleg utgreiing om brannvernsamarbeid mellom kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven og Ørsta. Målsetjing for samarbeidet er eit felles brann- og feievesen der ein samordnar dei administrative, beredskapsmessige og førebyggande ressursane for å kunne yte betre og meir effektive tenester til innbyggjarane.

 

Hovudplan for avløp 2019–2029 – slutthandsaming (sak PS 18/89)

Hovudplan for avløp er ein kommunedelplan. Hovudformålet med planen er å leggje til rette for at det blir bygd ut gode løysingar for oppsamling, transport, reinsing og utslepp av avløpsvatn i Ulstein kommune. Planen vil vere eit grunnlag for budsjett og økonomiplan innanfor avløpssektoren. Administrasjonen rår til at utkast til hovudplan for avløp vert godkjend.

 

Hødd Fotball – søknad om støtte i 2018, ny handsaming (sak PS 18/90)

Saka gjelder søknad om ekstra tilskot i 2018 frå Hødd fotball grunna vesentleg svekka inntektsgrunnlag i 2. divisjon og svekka sponsorgrunnlag. Dei søker også om kompensasjon for auka kostnader ved vedlikehald og drift av kunstgrasbane på nye Høddvoll. Saka var framme i kommunestyremøtet i oktober men vart flytta slik at ein kan handsama det i budsjettmøtet. 

 

Kvalitetsmelding – grunnskulen 2018 (sak PS 18/91)

Det er fastsett i opplæringslova at skuleeigarar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. Den årlege tilstandsrapporten inngår som ein del av det ordinære plan-, budsjett- og rapporteringsarbeidet hjå skuleeigar, og har kvalitetsutvikling som siktemål. Rapporten heiter Kvalitetsmelding – grunnskulen 2018

 

Generelt vedtak for Ulstein kommune etter vurdering av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg for område under skyssrett (sak PS 18/92) 

Saka gjeld vedtak som erstattar tidlegare vedtak for område som har særleg farleg skuleveg i Ulstein kommune. 

 

Mellombels finansiering av investering Ulstein Arena (sak PS 18/93)

UEKF manglar midlar til å finansiere byggekostnad, manglanda sal parkeringsplassar, samt tilskot som fortsatt ikkje er utbetalt på Ulstein Arena. UEKF ønskjer å få eit midlertidig lån på inntil 25 mill kroner frå Ulstein kommune sitt kapitalfond. Lånet skal betalast tilbake i 2019. 

 

Endring av vedtektene for Søre Sunnmøre IKT-samarbeid (SSIKT) – låneopptak (sak PS 18/94) 

Saka gjeld endring av vedtektene til SSIKT slik at selskapet kan ta opp lån for å finansiere investeringar knytt til drifta av selskapet. Konsekvensen vert at eigarkommunane må yte eit tilskot per år inn til SSIKT for å dekke renter og avdrag. Desse kostnadane må belastast driftsbudsjettet, på same måte som finansieringar til felles investeringar via SSIKT blir belasta drifta i dagens modell.

 

Låneopptak i 2018 og for perioden 2012–2017 for SSIKT (sak PS 18/95)

Ansvaret for lån til Søre Sunnmøre SSIKT blir flytta frå kommunane til SSIKT – dette gjeld også lån som kommunane har teke opp til SSIKT frå det tidspunktet det vart eige selskap i 2012. Samla behov for låneopptak i 2018 er kr 28.000.000. Dette inkluderer investeringar for 2018 samt utkjøp av lån frå kommunane for perioden 2012–2017. 

 

Søknad om serverings- og skjenkeløyve – Brygga Sportsbar AS (ettersendt sak)

Brygga Sportsbar AS (org. nr. 921400551) søker om skjenkeløyve for alkoholhaldig drikke gruppe 1, 2 og 3. Det er søkt om skjenketid innanfor kommunens maksimaltid. Ingrid Margrethe Ulstein er styrar og Thor Erik Andersen er avløysar. Rådmannen tilrår at søknaden vert imøtekomen på nærare vilkår.

 

 

Saksdokument og kontaktinformasjon

Her finn du saksdokumenta til møtet

Her finn du saksdokumenta til den ettersende saka

Her finn du kontaktinformasjon til medlemmene i kommunestyret