På saklista til kommunestyret 25. oktober 2018

Pengar - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Økonomi vert eit hovudtema på møtet. Kommunestyret skal behandle ein økonomisk analyse av kommunen, i tillegg til tertialrapport og finansrapport. 

  

Følg møtet direkte på Facebook-sida vår

 

Første del av møtet er eit såkalla stormøte om kommuneøkonomi. Her vert det besøk frå Stranda kommune, og analysen av Ulstein kommune frå Agenda Kaupang vert gjennomgått. 

 

Politiske saker


Økonomianalyse for Ulstein kommune. Prosess og føringar for økonomiplan 2019–2022 (sak PS 18/70) 

Ulstein kommune har fått utarbeidd ein økonomianalyse basert på rekneskapen for 2017. Rapporten vert lagt fram for formannskap og kommunestyre som eit grunnlag for prioritering av ressursar for budsjett 2019 og økonomiplan for 2019–2022. 

 

Tertialrapport 2. tertial 2018 (sak PS 18/71) 

Tertialrapporten gir status på tenesteproduksjon, økonomi og sjukefråvær for perioden mai–august 2018. Rapporten vert lagt fram for faste utval, formannskapet og kommunestyret og baserer seg på tilbakemeldingar frå einingsleiarane i Agresso Web. Med utgangspunkt i prognosane er forventa årsresultat nær balanse for 2018, men dette føreset vidare stram styring. Det er under arbeid sak om revidering av barnehagetilskot for perioden 2012–2017, som har ein potensiell meirkostnad i området 8–10 million kr. Det er ikkje tatt høgde for dette i prognosen.

 

Finansrapport 2. tertial 2018 (sak PS 18/72) 

Finansrapporten vert utarbeidd i samband med tertialrapporteringa, og lagt fram for formannskapet og kommunestyret. Porteføljen som Sydvestor AS nyttar til aktiv forvaltning av langsiktig likviditet, syner eit overskot på 696.000 hittil i år. Viss ein tek omsyn til forvaltningshonoraret, utgjer overskotet om lag 550.000 kr. Samla lånegjeld for Ulstein kommune og UEKF utgjer vel 1,535 milliardar kroner ved utgangen av august.

 

Godkjenning av byggerekneskap USAS, Holsekerdalen 24 (sak PS 18/73) 

UEKF legg fram byggerekneskap for USAS sitt nybygg i Holsekerdalen 24. Investeringsramma vart overskriden med 638 416 kr, som er 2,5 % over budsjett. UEKF ber om godkjenning av totalkostnad på 26 288 416 kr. 

 

Snoezelen som spesialpedagogisk metode – endring i tilbodet (sak PS 18/74) 

Kommunen har i dag Snoezelen-tilbod ved to lokasjonar. Ved Ulstein kompetansesenter leverer ein snoezelen-trening i spesialpedagogisk samanheng som opplæring. I nybygde lokale i Holsekerdalen 24 er det etablert snoezelen-avdeling knytt til aktivitet/terapi/trening organisert under omsorgsetaten. Ei samordning av snoezelen-tilbodet i lokala i Holsekerdalen 24 vert lagt fram som del av omstillingspakken 2018. Saka har vore handsama i politiske organ, og etter vedtak i kommunestyret 20.09.18, vert saka lagt fram på nytt med utvida saksutgreiing. 

 

Hødd – ekstra søknad om støtte i 2018 (sak PS 18/75) 

Saka gjelder søknad om ekstra tilskot i 2018 frå Hødd fotball grunna vesentleg svekka inntektsgrunnlag i 2. divisjon og svekka sponsorgrunnlag. Dei søker også om kompensasjon for auka kostnader ved vedlikehald og drift av kunstgrasbane på nye Høddvoll.

 

Avtale mellom Ulstein kommune og Ulstein sokn frå 1.1 2019 (sak PS 18/76) 

Saka gjeld oppdaterting av driftsavtale mellom Ulstein kommune og Ulstein sokn. 

 

Investeringsprosjekt – retningsliner (sak PS 18/77) 

Saka gjeld godkjenning av nytt reglement for gjennomføring av investeringsprosjekt. Reglementet er utarbeidd etter eit politisk vedtak som vart gjort i saka om økonomiplan 2018–2021 og budsjett 2018 i desember 2017. 

 

Eigarskapsmelding 2018 (sak PS 18/78) 

Meldinga gir ei oversikt over og ei vurdering over alle dei selskap og samarbeid Ulstein kommune har eigarinteresser eller deltaking i. Rapporten gir også ei oversikt over andre vesentlege formelle samarbeid som kommunen deltek i.

 

Søknad om skjenkeløyve – Brygga Sportsbar AS (sak PS 18/79) 

Brygga Sportsbar AS (org. nr. 921400551) søker om skjenkeløyve for alkoholhaldig drikke gruppe 1, 2 og 3. Det er søkt om skjenketid innanfor kommunens maksimaltid. Ingrid Margrethe Ulstein er styrar og Thor Erik Andersen er avløysar. Rådmannen tilrår at søknaden vert imøtekomen på nærare vilkår. 

 

Fullmakt til ordføraren til å godkjenne forhandlingsresultat (sak PS 18/80) 

Unnateke offentleg innsyn etter offentleglova §23.1  

 

Meldingssaker

  • Årets ungdomskommune – nominasjon (sak RS 18/27) 
  • Oversendingsframlegg behandla i formannskapet 16.10.2018 (sak RS 18/28) 

 

Saksdokument og kontaktinformasjon

På grunn av overgang til nytt sak-/arkivsystem er ikkje saksdokumenta tilgjengelege på kommunen si innsynsløysing. Dersom du treng innsyn i saksdokumenta, ta kontakt med postmottak@ulstein.kommune.no