På saklista til kommunestyret 13. desember

Vasskran - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Gebyra for vatn og avløp skal vedtakast i kommunestyremøtet 13. desember. Gebyra ligg ute til høyring til 10. desember. 

Her finn du høyringsdokumenta og adressene du treng viss du vil sende inn ein høyringsuttale om gebyra.

 

Følg møtet direkte på Facebook-sida vår

 

Politiske saker

 


Rullering av politiske reglement (sak PS 18/100) 

Reglementa som gjeld for det politiske arbeidet i kommunen, skal vurderast før kommunestyreperioden 2015–2019 er over. No skal det peikast ut ei arbeidsgruppe som skal gå gjennom reglementa og føreslå eventuelle endringar. 

 

Ulstein nye kyrkje – søknad om lånegaranti (sak PS 18/101) 

Ulstein sokn har i fleire år arbeidd med planar for nytt kyrkjebygg. Kommunen har ein eksponert finansiell situasjon og bør redusere gjeldsbelastninga ut over økonomiplanperioden. Visse investeringar i kommunale basistenester vil truleg likevel tvinge seg fram. Soknet ønskjer snarleg oppstart gjennom delvis eigenfinansiering. Rådmannen sitt framlegg skisserer ei løysing der kommunal garanti vert gitt, men med klare vilkår og med lengre tidshorisont. Dette opnar for at Ulstein sokn kan jobbe vidare med prosjektet. 

 

Forskrift om gebyrregulativ for arbeid etter plan- og bygningslova, matrikkellova og seksjoneringslova (sak PS 18/102) 

Saka gjeld reviderte forskrifter med fastsetting av gebyrsatsar for 2019 for arbeid etter plan- og bygningslova, eigarseksjonslova og matrikkellova. 

 

Gebyr og investering VA 2019 (PS 18/103) 

Saka gjeld gebyrsatsar og investeringsramme for vatn og avløp 2019. 

 

Gebyrregulativ renovasjon 2019 (sak PS 18/104) 

Saka gjeld gebyrregulativ frå SSR for 2019. 

 

UEKF Budsjett og økonomiplan 2019 til 2022 (sak PS 18/105) 

Ulstein eigedomsselskap legg fram økonomiplan for 2019 til 2022 som viser driftsoverskot på alle fire åra.

 

Økonomiplan 2019–2022 (sak PS 18/106) 

Økonomiplanen for 2019 til 2022 omhandlar bruken av kommunale midlar til drift og investering. Arbeidet med økonomiplanen går gjennom politiske utval til formannskapet. Etter endeleg handsaming i formannskapet den 27. november ligg saka ute til uttale i to veker. Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret den 13. desember.

 

Meldingssaker

  • Protokoll frå kontrollutvalsmøte 29.11.2018 
  • Busetting av flyktningar 2019 

 

 

Saksdokument og kontaktinformasjon

Her finn du saksdokumenta til møtet

Her finn du kontaktinformasjon til medlemmene i kommunestyret