På saklista til formannskapet 27. november 2018

Ulstein nye kyrkje - Klikk for stort bilete Snøhetta Bør kommunen stille lånegaranti for Ulstein nye kyrkje dersom Ulstein sokn innfrir fem vilkår og dekkjer renter og avdrag til år 2032? Formannskapet skal ta stilling til det den 27. november. 

 
Politiske saker

 

Klimaplanens handlingplan og tiltaksplan mot plast- og marin forureining (sak PS 18/124)

I samband med politisk initiativ våren 2018, vart det fremja ønske om ein handlingsplan mot plast og marin forureining. Klimaplanen for Ulstein kommune frå 2010-2014 inneheld ein handlingsplan som også bør reviderast. Planforum vert prosjektgruppe, og har sett ned ei arbeidsgruppe til dette arbeidet. 

 

Hødd Fotball – søknad om støtte i 2018, ny handsaming (sak PS 18/125)

Saka gjelder søknad om ekstra tilskot i 2018 frå Hødd fotball grunna vesentleg svekka inntektsgrunnlag i 2. divisjon og svekka sponsorgrunnlag. Dei søker også om kompensasjon for auka kostnader ved vedlikehald og drift av kunstgrasbane på nye Høddvoll. Saka var framme i kommunestyremøtet i oktober men vart flytta slik at ein kan handsama det i budsjettmøtet.

 

Høyring – endringar i drosjereguleringa – oppheving av behovsprøvinga m.m. (sak PS 18/126)

Samferdselsdepartementet har sendt ut på høyring eit forslag om endringar i regelverket som gjeld drosjer. Hovudpunkta i endringa er å:

  • oppheve reguleringa av tal på drosjer med tilhøyrande driveplikt, tildelingskriterier og krav om hovuderverv for drosjeløyve
  • gi fylkeskommunen høve til å tildele einerettar for drosjetransport i kommunar der talet på innbyggarar er under ein viss terskelverdi 

 

Ulstein nye kyrkje – søknad om lånegaranti (sak PS 18/127)

Ulstein sokn har i fleire år arbeidd med planar for nytt kyrkjebygg. Kommunen har ein eksponert finansiell situasjon og bør redusere gjeldsbelastninga ut over økonomiplanperioden. Visse investeringar i kommunale basistenester vil truleg likevel tvinge seg fram. Soknet ønskjer snarleg oppstart gjennom delvis eigenfinansiering. Rådmannen sitt framlegg skisserer ei løysing der kommunal garanti vert gitt, men med klare vilkår og med lengre tidshorisont. Dette opnar for at Ulstein sokn kan jobbe vidare med prosjektet. 

 

Hovudplan for avløp 2019-2029 – slutthandsaming (sak PS 18/128)

Hovudplan for avløp er ein kommunedelplan. Hovudformålet med planen er å leggje til rette for at det blir bygd ut gode løysingar for oppsamling, transport, reinsing og utslepp av avløpsvatn i Ulstein kommune. Planen vil vere eit grunnlag for budsjett og økonomiplan innanfor avløpssektoren. Administrasjonen rår til at utkast til hovudplan for avløp vert godkjend.

 

Gebyrregulativ renovasjon 2019 (sak PS 18/129)

Saka gjeld gebyrregulativ frå SSR for 2019. 

 

Økonomiplan 2019–2022 (sak PS 18/130)

Økonomiplanenfor 2019 til 2022 omhandlar bruken av kommunale midlar til drift og investering. Arbeidet med økonomiplanen går gjennom politiske utval til formannskapet. Etter endeleg handsaming i formannskapet den 27. november ligg saka ute til uttale i to veker. Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret den 13. desember.

 

 

Saksdokument og kontaktinformasjon

Her finn du saksdokumenta til møtet

Her finn du ettersende dokument til møtet

Her finn du kontaktinformasjonen til medlemmene i formannskapet