På saklista til formannskapet 20. november 2018

Bugardsmyrane - Klikk for stort bilete Per Eide Bør Bugardsmyrane og Osnessanden bli statleg sikra friluftsområde? Formannskapet skal behandla saka 20. november. 

 

Politiske saker

Statleg sikring av friluftsområde i Ulstein (sak PS 18/110) 

Det er eit nasjonalt mål at alle skal ha moglegheit til å utøve friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles, og at område av verdi for friluftslivet skal sikrast og forvaltast slik at naturgrunnlaget blir teke vare på. For å sikre viktige område for friluftsliv i framtida, samt vidare utvikle og legge til rette for friluftsaktivitetar her, ynskjer vi å søke midlar til statlig sikring av dei mykje brukte områda Osnessanden og Bugardsmyrane.

 

Generelt vedtak for Ulstein kommune etter vurdering av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg for område under skyssrett (sak PS 18/111) 

Saka gjeld vedtak som erstattar tidlegare vedtak for område som har særleg farleg skuleveg i Ulstein kommune. 

 

Brannvernsamarbeid Søre Sunnmøre (sak PS 18/112) 

Det vert tilkrådd å starte opp ei fagleg utgreiing om brannvernsamarbeid mellom kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven og Ørsta. Målsetjing for samarbeidet er eit felles brann- og feievesen der ein samordnar dei administrative, beredskapsmessige og førebyggande ressursane for å kunne yte betre og meir effektive tenester til innbyggjarane.

 

Endring av vedtektene for Søre Sunnmøre IKT-samarbeid (SSIKT) – låneopptak (sak PS 18/113)

Saka gjeld endring av vedtektene til SSIKT slik at selskapet kan ta opp lån for å finansiere investeringar knytt til drifta av selskapet. Konsekvensen vert at eigarkommunane må yte eit tilskot per år inn til SSIKT for å dekke renter og avdrag. Desse kostnadane må belastast driftsbudsjettet, på same måte som finansieringar til felles investeringar via SSIKT blir belasta drifta i dagens modell.

 

Låneopptak i 2018 og for perioden 2012-2017 for SSIKT (sak PS 18/114) 

Ansvaret for lån til Søre Sunnmøre SSIKT blir flytta frå kommunane til SSIKT – dette gjeld også lån som kommunane har teke opp til SSIKT frå det tidspunktet det vart eige selskap i 2012. Samla behov for låneopptak i 2018 er kr 28.000.000. Dette inkluderer investeringar for 2018 samt utkjøp av lån frå kommunane for perioden 2012–2017. 

 

UEKF Budsjett og økonomiplan 2019 til 2022 (sak PS 18/115) 

Ulstein eigedomsselskap legg fram økonomiplan for 2019 til 2022 som viser driftsoverskot på alle fire åra.

 

Mellombels finansiering av investering Ulstein Arena (sak PS 18/116) 

UEKF manglar midlar til å finansiere byggekostnad, manglanda sal parkeringsplassar, samt tilskot som fortsatt ikkje er utbetalt på Ulstein Arena. UEKF ønskjer å få eit midlertidig lån på inntil 25 mill kroner frå Ulstein kommune sitt kapitalfond. Lånet skal betalast tilbake i 2019. 

 

Ferdigstilling av turveg Gamleeidet–Breifjellet (sak PS 18/117) 

Bygginga av turvegen over Gamleeidet starta i 2015. Planen var at vegen i hovudsak skulle byggast av tilkøyrde masser frå Ulstein Arena. Prosjektet var kostnadsrekna til vel 1,6 mill kr, og vi har fått tilsegn på 875.000 kr i spelemidlar. For å få ferdigstilt vegen må det løyvast om lag 400.000 kr til føremålet. Skal kommunen unngå å misse spelemidlane til prosjektet, må turvegen ferdigstillast snarast råd. 

 

Forbod mot heliumballongar m.m. – Revisjon av reglement for handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom i Ulstein kommune (sak PS 18/118) 

Ulstein kommunestyre vedtok i mai i år eit forbod mot sal av heliumballongar, og mot ballongslepp frå kommunal grunn. Vedtaket kom som ei følgje av ei framlegg frå Ulstein Venstre. Rådmannen tilrår at forbodet vert innarbeidd i kommunen sitt eksisterande reglement for handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom. Rådmannen foreslår vidare ei utviding av reglementet til å omfatte utleige av kommunal grunn til andre aktivitetar, som t.d. utandørs konsertar og tivoli.

 

Økonomiplan 2019–2022 (sak PS 18/119) 

Økonomiplan for 2019 til 2022 omhandlar bruken av kommunale midlar til drift og investering. Arbeidet med økonomiplanen går gjennom politiske utval til formannskapet. Etter endeleg handsaming i formannskapet den 27. november ligg saka ute til uttale i to veker. Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret den 13. desember. 

 

Effektivisering 2019–2022. Utarbeiding av sparetiltak. Organisering og rammer for arbeidet (ettersendt sak)

Rådmannen har initiert eit arbeid for å skaffe større handlingsrom for omstilling av kommunen. Det vert nedsett referansegruppe, arbeidsgrupper og mandat for arbeidet for å sikre ein open og grundig prosess med mål om konkrete tiltak som sikrar varig effektiviseringsgevinst. Formannskapet skal formelt initiere denne prosessen. Referansegruppa får innkalling til eige møte etter formannskapet, der mandatet for arbeidet og samansettinga av arbeidsgruppene vert avklart.

 

Meldingssaker

Tiltak for betre jordvern i kommunane (sak RS 18/25)

 

Saksdokument og kontaktinformasjon

Her finn du saksdokumenta til møtet

Her finn saksdokumenta til den ettersende saka

Her finn du kontaktinformasjonen til formannskapet