På saklista til formannskapet 15. januar 2019

Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Forbod mot privat fyrverkeri. Forbod mot utslepp av mikroplast frå verft, småbåthamner og badeplassar. Forbod mot offentlege innkjøp av eingongsbestikk i plast. Dette er nokre av punkta i utkastet til ein lokal tiltaksplan for å verne havet mot forsøpling. Administrasjonen tilrår at formannskapet sender planutkastet på høyring. Dette er ei av sakene som skal opp i formannskapsmøtet 15. januar. 

Her finn du saksdokumenta til møtet

 

Politiske saker 

 

Erstatningssøksmål mot Ulstein kommune for manglande inngripen etter barnevernlova av 1953 – spørsmål om rettsmekling og mandat (sak PS 19/4)

Unnateke offentleg innsyn etter offentleglova §13 og forvaltningslova  § 13

 

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre: Søknad om tilskot til Norwegian Travel Workshop 2019 (sak PS 19/5)

I april er Destinasjon Ålesund & Sunnmøre (DÅS) vertskap saman med Innovasjon Norge for ei internasjonal reiselivsmesse – Norwegian Travel Workshop (NTW). Medlemskommunane har fått førespurnad om å yte tilskot til arrangementet lik 10% av årleg driftstilskot, sidan dette er ei ekstraordinær hending med potensiale for betydelege ringverknader for regionalt reiseliv.

 

Medlemskap i NCE iKuben og deltaking i forprosjekt om etablering av innovasjonslab i Ulstein (sak PS 19/6)

Kommunen har ei tid hatt kontakt med NCE iKuben i Molde om verktøy for rask omstilling og innovasjon på tvers. Ein ser det som formålstenleg å søkje medlemsskap for tilgang til og bruk av dei nettverk, metodar og verktøy som dette miljøet har. Som ein del av dialogen er det også utarbeidd ein avtale om forprosjekt der NCE iKuben, kommunen, Ulstein vidaregåande, Høgskulen i Volda og Protomore kunnskapspark AS tek del. Formålet er å avklare mulegheit for etablering av ein innovasjonslab i kommunen. 

 

Brygga Sportsbar AS – søknad om tilskot frå næringsfondet (sak PS 19/7)

Etablering av Sportsbar i Ulsteinvik sentrum, vegg i vegg med Folk Spiseri. Etableringa skal gi eit unikt tilbod til alle som liker idrett, og som vil dele felles opplevingar gjennom ulike sportssendingar på storskjermar. 

 

VV Maskin – søknad om støtte frå næringsfondet (sak PS 19/8)

Søknaden gjeld midlar til å bli sertifisert som godkjent kontrollør av ulike maskiner og løfteutstyr. 

 

Forslag til ny handlingsdel til klimaplanen, og ny tiltaksplan mot plast- og marin forureining (PS 19/9)

Ei arbeidsgruppe, nedsett av planforum i november 2018, fekk i oppgåve å revidere handlingsdelen til klimaplanen for Ulstein kommune, samt å utarbeide eit forslag til ein tiltaksplan mot plast- og marin forureining. Arbeidsgruppa har oppdatert eksisterande handlingsplan med ny status pr. januar 2019, og utarbeidd eit forslag til ny handlingsplan for 2019–2022. I tillegg har gruppa utarbeidd forslag til tiltaksplan mot plast- og marin forureining jf. framdriftsplanen. Handlingsplanen og tiltaksplanen kan no leggast ut på høyring med sikte på kommunestyrevedtak i mars eller april. 

 

Rekruttering av rådmann (sak PS 19/10)

Unnateke offentleg innsyn etter offentleglova § 23.1 

 

Tilskot til ikkje-kommunale barnehagar – ny berekning (sju ettersende saker)

Det er gjennomført ei gjennomgang av klager knytt til tilskot til ikkje-kommunale barnehagar for perioden 2012 til og med 2017. Det er utrekna nye tilskot. 

 

 

Meldingssaker

Sluttrapport, friluftsområde (sak RS 19/1) 

 

 

Saksdokument og kontaktinformasjon

Her finn du saksdokumenta til møtet

Her finn du saksdokumenta til dei ettersende sakene

Her finn du kontaktinformasjonen til formannskapet