Utbyggjaren av Sjøsida II søkjer om dispensasjonar frå reguleringsplanen for området og frå krav til universell utforming. Administrasjonen i kommunen meiner at utbyggjaren skisserer løysingar som vil vere gode for alle brukarar av området. Difor tilrår administrasjonen at søknaden om dispensasjon vert godkjent – på visse vilkår. Dette er ei av sakene som skal opp i teknisk utval 7. februar. 

Kva gir livskvalitet for eldre i Ulstein? Det har ei arbeidsgruppe tatt føre seg. Arbeidsgruppa har henta inn mange innspel frå folk og kjem med anbefalingar på fem område. Dette er ei av sakene som skal opp i levekårsutvalet 6. februar. 

Pengar

Tilskota til dei ikkje-kommunale barnehagane for åra 2012–2017 er rekna ut på nytt. Kommunestyret skal gjere vedtak i sakene om den nye utrekninga.

Forbod mot privat fyrverkeri. Forbod mot utslepp av mikroplast frå verft, småbåthamner og badeplassar. Forbod mot offentlege innkjøp av eingongsbestikk i plast. Dette er nokre av punkta i utkastet til ein lokal tiltaksplan for å verne havet mot forsøpling. Administrasjonen tilrår at formannskapet sender planutkastet på høyring. Dette er ei av sakene som skal opp i formannskapsmøtet 15. januar. 

Gebyra for vatn og avløp skal vedtakast i kommunestyremøtet 13. desember. 

Brannvesen

Bør Søre Sunnmøre ha felles brannvern? Saka har vore oppe i teknisk utval og formannskapet, og 29. november skal kommunestyret handsame saka. Her kan du lese saksdokumenta til møtet. 

Ulstein nye kyrkje

Bør kommunen stille lånegaranti for Ulstein nye kyrkje dersom Ulstein sokn innfrir fem vilkår og dekkjer renter og avdrag til år 2032? Formannskapet skal ta stilling til det den 27. november. 

 

Bugardsmyrane

Bør Bugardsmyrane og Osnessanden bli statleg sikra friluftsområde? Formannskapet skal behandla saka 20. november. 

Brannvesen

Kva meiner du om å ha felles brannvesen for Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven og Ørsta? Saka skal opp i teknisk utval 15. november. Kommunen skal ta stilling til om det skal greiast ut å ha eit felles brannvesen på Søre Sunnmøre.

Pengar

Kven skal få midlar frå salet av aktivitetshuset på Vikholmen? Levekårsutvalet skal behandle søknadane frå lag og organisasjonar 14. november. 

Kontakt

Svein Arne Orvik
leiar
E-post
Telefon 70 01 75 03
Mobil 938 06 923
Kari Marie Øvrebøe
sekretær
E-post
Telefon 70 01 75 04
Mobil 900 50 757