Ta del i budsjettprosessen

Pengar - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Kva meiner du om inntektene og utgiftene til kommunen? Følg budsjettprosessen og sei meininga di til dei folkevalde. 

  

Steg 1: Framlegg frå kommunedirektøren

3. november presenterer kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett for 2021 og økonomiplan for åra 2021–2024. Det skjer på Sjøborg kulturhus. Her er budsjettdokumenta: 

  • Hovuddokumentet: Framlegg til budsjett og økonomiplan [lenke kjem] 

  • Saksframlegget frå kommunedirektøren til dei folkevalde [lenke kjem] 

  • Oversikt over tiltak [lenke kjem]  

  • Budsjett for kontrollutvalet [lenke kjem]  

 

Steg 2: Budsjettbehandling i folkevalde organ

Her ser du når dei folkevalde organa behandlar budsjettframlegget. Klikk på namna for å få fram kontaktinformasjonen til dei folkevalde. 


 

Steg 3: Høyring før vedtak i kommunestyremøtet

1. desember kjem formannskapet med si tilråding om kva kommunestyret bør vedta i saka om budsjett og økonomiplan. 

  • Sjå tilrådinga frå formannskapet. [lenke kjem] 

Tilrådinga ligg ute til offentleg høyring før budsjettet vert endeleg vedteke av kommunestyret.

Du kan sende ein høyringsuttale til og med [dato kjem].

Bruk adressa postmottak@ulstein.kommune.no eller postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Uttalen må vere motteken av kommunen seinast [dato og klokkeslett kjem]. 

Det endelege budsjettvedtaket i kommunestyret skjer 17. desember.