Ta del i budsjettprosessen

Pengar - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Kva meiner du om inntektene og utgiftene til kommunen? Sei ifrå til dei folkevalde som behandlar budsjettet. Her er budsjettframlegget og kontaktinformasjonen til dei folkevalde. 

  
Framlegg frå kommunedirektøren

Tysdag 5. november presenterte kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett for 2020 og økonomiplan for åra 2020–2023 på Ulstein bibliotek. Her er budsjettdokumenta:  

 

Budsjettbehandling i folkevalde organ

Her ser du når dei folkevalde organa behandlar budsjettframlegget. Klikk på namna for å få fram kontaktinformasjonen. 

 

Nest siste behandling: formannskapet 3. desember

3. desember kjem formannskapet med si tilråding om korleis budsjettet bør vere. Tilrådinga frå formannskapet vert liggande ute til offentleg høyring før budsjettet vert endeleg vedteke av kommunestyret. 

 

Endeleg behandling og vedtak 

Det endelege budsjettvedtaket i kommunestyret skjer 19. desember.