Nyskaping

Nyskaping

Kva utfordringar møter innbyggarane våre? Korleis kan innbyggarane, næringslivet, dei frivillige organisasjonane og den kommunale organisasjonen prøve ut nye løysingar saman? 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Morgondagen kjenner vi ikkje, men at mange av dagens arbeidsmåtar vil kome til kort, veit vi.

Nyskaping kjem ikkje av seg sjølv. Vi treng både ein kultur og ein struktur som legg til rette for at nyskaping kan skje. Derfor har vi laga ein eigen strategi som skal styrke nyskapingsarbeidet i organisasjonen og samskapinga med lokalsamfunnet. 

Sjå «Fire steg på ein ny veg – strategi for nyskaping» (PDF, 2 MB)