Støttekontakt og/eller avlastar i privat heim

Koordinerande eining i Ulstein kommune ynskjer å kome i kontakt med personar over 18 år, også pensjonistar, som kan tenkje seg å bruke litt av fritida si på oppdrag som støttekontakt til personar med ulik grad av funksjonsnedsetjing. 

  

Det er ein fordel om du disponerar bil.

Ulstein kommune har også behov for avlastningsheimar til barn og unge med ulik grad av funksjonsnedsetjing. Barnet sine behov avgjer kva heim som passar og både einslege og familiar kan melde si interesse. Du må rekne med å bruke eit til to døgn i månaden på oppdraget.

Det vert kravd politiattest for begge oppdraga. 

Nødvendig opplæring vert gitt.

Kontakt gjerne Lindis Sundgot, for meir informasjon: Tlf. 488 93 183, e-post: lindis.sundgot@ulstein.kommune.no.

 

Fritidskontakt/støttekontakt - registreringsskjema