Sjukepleiar ved korttidsavdeling (vikariat)

Frå 1. juni 2019 og i om lag eitt år har vi ledig eit 100 % svangerskapsvikariat. Stillinga er fordelt med 50 % på avdeling G og 50 % i vikarbanken. Stillinga er i turnus (kveld og dag) med arbeid kvar tredje helg.

På avdeling G vil du jobbe saman med mellom anna sju andre sjukepleiarar i eit triveleg arbeidsmiljø og med mange spennande utfordringar. I vikarbanken vil du få opplæring på fleire avdelingar på Alvehaugen. Du vil der jobbe i ein fast turnus og gå inn og dekke ledige vakter.

Krav i stillinga:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

  • Tilfredsstillande politiattest av nyare dato. Politiattest skal leggast fram ved eventuelt tilbod om stilling.

Vi vektlegg:

  • Personlege eigenskapar som gjer deg eigna til jobben

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
  • Lønn etter tariff
     

Søkjarar må nytte elektronisk søknadsskjema. Stillings-ID er 374.

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du kontakte Gunn Sætre på tlf. 982 30 617 eller på e-post gunn.satre@ulstein.kommune.no

Søknadsfristen er 24. mars 2019.