Rektor ved Ulstein skule

Frå 1. januar 2019 er det ledig stilling som rektor ved Ulstein skule. 

Rektor er skulen sin pedagogiske og administrative leiar. Vi søkjer ein utviklingsorientert, kreativ, tydeleg og samlande leiar, med evne til

  • å leie og motivere pedagogisk utviklingsarbeid
  • å samarbeide med medarbeidarar og elevar om å skape eit godt læringsmiljø
  • å bygge gode relasjonar
  • å samarbeide med viktige eksterne aktørar
  • å utøve god personal- og økonomileiing
  • å kunne identifisere seg med Ulstein kommune sine kjerneverdiar: nyskaping – omsorg – rausheit – mangfald 

Til stillinga er det ikkje lagt undervisningsplikt. Rektor har personal- og økonomiansvaret på skulen. For stillinga gjeld kravet om utdanning frå universitet/høgskule og pedagogisk kompetanse. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Tilsetting i samsvar med gjeldande avtaleverk. Løn etter avtale. Stillinga er underlagt reglement for kommunal fleksitid.

Nærare informasjon får du ved å kontakte kommunalsjef for oppvekst Gry Nordal, tlf. 906 40 134 eller e-post gry.nordal@ulstein.kommune.no.

Vi ber søkjarar nytte elektronisk søknadsskjema. Stillingsid: 360.

 

Søknadsfrist: 11. januar 2019