Rådmann

Vi søkjer ein trygg, tydeleg og synleg leiar med god økonomiforståing, gode kommunikasjonsevner og ein motiverande og samlande leiarstil.

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram, men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida. 

Vi søkjer ein trygg, tydeleg og synleg leiar med god økonomiforståing, gode kommunikasjonsevner og ein motiverande og samlande leiarstil. Ulstein kommune har gjort mange store investeringar dei siste åra, og har ambisjonar om fortsatt utvikling og vekst.

Vi ser etter ein leiar med høgare utdanning og solid leiarerfaring med dokumenterte resultat. Kunnskap om samfunns- og næringsutvikling, samt erfaring frå organisasjonsutvikling og omstillingsprosjekt i store verksemder vil vere sentralt. Det er ein føresetnad at aktuelle kandidatar har god forståing for samspelet mellom politikk, fag og administrasjon. Erfaring frå offentleg sektor vil bli vektlagt, men anna leiarerfaring i kombinasjon med kunnskap om kommunale utfordringar kan også vere eigna bakgrunn.

Vi er opptekne av kommunen si rolle som samfunnsutviklar og tilretteleggjar, og ser det som avgjerande at ein ny rådmann etablerer gode relasjonar mot næringslivet og andre eksterne samarbeidspartnarar. Gode evner til samarbeid vil difor vere avgjerande for å lukkast i denne rolla. Det vil vere viktig at du kan bidra til å skape engasjement og begeistring, både internt i organisasjonen og hos innbyggjarane. Den som blir tilsett må vere tillitsvekkjande og visjonær, like å vera synleg og god til å skape relasjonar. Initiativ og driv er eigenskapar som vil bli verdsatt.

Vi tilbyr stort handlingsrom og utfordrande oppgåver i ein kommune i positiv utvikling, med godt omdømme og med mange dyktige medarbeidarar.

Spørsmål om stillinga kan rettast til ordførar Knut Erik Engh, tlf. 957 66 692, eller Mercuri Urval v/ Gro Reinertsen tlf. 975 59 058 / Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036. Alle førespurnadar vil bli handsama fortruleg.

Søk på stillinga på jobbnorge.no snarast, og seinast innan 9.12.2018.